søndag 28. oktober 2012

Interiørfarge tak

Medan snikkarane jobbar som heltar med utsida av hytta nærmar det seg tida for at vi skal starte med vår innsats innvendig. Eg er utnevnt som den ansvarlege for å finne fargealternativ for interiør. Det vil nermare forklart seie at eg finn nokre alternaiv og så veljer vi sammen, ein relativt demokratisk prosess her i familien ;)

Vi har sirkla oss inn på at vi vil ha kvite tak... Derimot er ikkje kvitt berre kvitt.. F.eks. har Møretyri sin Tyrill serie tre kvite oljar å velje mellom, som igjenn kan blandast i det uendelege, og Jotun har utallige ulike variantar i sin Lady interiørbeis serie.


Tyrill Interiørolje

Jotun Lady interiørbeis
 


Vi er enda ikkje tatt valget om vi går for olje eller beis. Har fått sansen for den litt "mjuke" uttrykket som oljen gir. I tillegg skal det være miljøvenleg og enkelt å påføre. Derimot er beisen ein del billigare om man kjem over eit tilbod. Trur eg må ta turen til ein fargebutikk å sjå om der vankar nokre tilbod. Bygger man med begrensa budsjett gjeld det å spare nokre kroner der man kan ;)

Nokon med erfaring frå enten olje eller beis som dei vil dele? Legg att ein kommentar :)

2 kommentarer:

  1. Hei igjen! Vi har brukt Lady interiørbeis hvitkalket med dobbel dose hvitt på veggen i gangen, og det ble vi godt fornøyd med. I og med at panelet i hele hytta er fra midten på 70-tallet, var det behov for litt ekstra hvitt i spannet. Hadde på to strøk. Har ingen erfaring med olje på vegger eller tak.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for innspill, hvitkalket er et bra alternativ :)

      Slett