søndag 4. november 2012

Dag to med isolering

I dag vokna vi begge med enorm gangsperre etter gårsdagen. Særlig var armar og rygg musklaturen fått gjennomgå med uvandte beveglesar dagen før. Det var ikkje tid for å kvile kroppen, vi hadde mykje som måtte gjærast og begrensa med tid før vi måtte sette kursen heimover. Ongane som hadde fått være hos mormor og morfar heile helga og ein ny kvardag venta mandagsmorgon. Vi har jobba ca 17timar to personar denne helga. Det har våre svært lite pausar, knappast vi har rekt å trykke i oss brøv med ost på når svolten har vårte for ille ;) I grunn har ikkje isolering våre så ille jobb som eg hadde frykta. Verste delen var isolering av tak då det lett støva ned i augene.I tillegg så kjennes det ut som eg har tatt en litt for kraftig peeling i ansiktet (noko av den heng att enda...).  Prøvde litt å bruke vernebriller,  men det var heilt nyttelaust, dei berre dogga seg. Hadde slike billige støvmasker, og det fungerte veldig greit. Vi hadde bommullhanskar, det stakk innimellom gjennom hanskane, men ikkje slik det vart for ubehagleg. Eingongskjeldressar med hette er ei nødvendigheit og ein god isolasjonskniv hadde vi ikkje kunne våre foruten. Det gjennstår no litt meir isolasjon i mønet på hemsen og etter fuktsperra på veggane skal det på 5cm til med isolasjon, men størstedelen av isolasjonsarbeidet er no ferdig!
 



 

Panoramabilde frå framsida av hytta (utsikta frå stova)
 
 
Når frambygget skulle isolerast er det nok anbefalt å bruke eit stilas, det hadde ikkje vi, så med litt styr klarte vi å få på plass alt med ein stige. Hjalp nok ikkje nevneverdig at det ligg ein materalhaug i frambygget som gjorde stigeplasseringa enda verre... Det var tungt arbeid ned 25cm tjukke isolasjonsblogger skulle trykkast på plass.
 
 Utebod/teknisk rom til høgre, soverom rett fram.
 
Isolert utebod/teknisk rom, her skal vi ha varmtannstanken vår, muligens ein sentralstøvsuger mm.
 
Hytta "ferdig" isolert. 15cm i vegg, 20cm i tak og 25cm i tak i fambygget på stue.
 
Hytta vår <3 Her har vi ein malejobb føre oss til våren.
 
No går nok arbeidstempoet på hytta betrakleg ned. Frå å kunne ha daglege oppdateringar med framsteg her på bloggen, blir det no overlatt til helg og feriejobbing frammover. Uansett, følg med frammover, skal halde bloggen oppdatert :)
 

2 kommentarer:

  1. Kjempefin hytte :-) dette blir bra. Mye arbeid, men veldig kjekt))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) mykje arbeid ja, men med tida til hjelp og godt pågongsmot kjem vi nok i mål etterkvart :)

      Slett