fredag 28. desember 2012

Romjulsdugnad

Håpar alle mine blogglesara har ei fredelig romjul. Her i heimen har vi juleferie, men ein litt anna juleferie enn vanlig. Familiekosen er bytta ut med aleinforeldertilverelse og hyttebygging. Eg er heime med ongane medan Eirik ,min far og min onkel er på hytta for ein romjulsdugnad.

Dei reiste oppover tidleg onsdag og fikk ein god arbeidsdag. Dei var svært godt nøgde med innsatsen. Dei hadde fått gjort mykje på kort tid, kryplofta har fått golv, kneveggane på loftet er isolerte og 1.etasje var ferdig plasta.

Vi kjøpte loftspakke i byggesettet, dvs at vi fikk med ei veggluke og 4stk golvplater. I tillegg fikk vi tips av snikkarane å bruke restane av takplatene for å få meir golv på kryploftet. Familiehytta har våre rause med leveringa og vi kan derfor klargjere kryploft på begge sider, om behovet for meir lagringsplass oppstår kan vi ta hol og sette inn ei luke på andre  sida også.

Eg fikk nokre bilder tilsendt i går kveld til bloggen, kjekt å sjå kor det går frammover :)
I dag er Eirik og våre gode dugnadshjelpara i gong med ein ny arbeidsdag, kjekt med produktive fridagar :)


Golv på kryploftet

Kneveggane på loftet er isolert

1. etasje er dekka av plast.

2 kommentarer:

  1. Så bra at noen av juledagene kan benyttes til hyttejobbing! De har det sikkert trivelig ilag, karene! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjempe glad for alle hyttearbeidsdagane vi får til :) For å ikkje snakke om dei gode hjelparane :))Kjempe takknemmleg!! Ting går utruleg mykje fortare med 3 arbeidara enn ein :)

      Slett