søndag 12. februar 2012

Jakta på tomt

Vi har våre litt fram og tilbake med kvar vi skal velje som plassering for vår draumehytte, men eit par punkt har vi sett som viktig for oss. Har vurdert fleire stadar og fleire hyttefelt, under har eg lista opp nokre kriteriar som vi har vurdert utifrå.

- Gode skimoglegheiter, ikkje nødvendigvis ski-inn-out, men alpinbakken i nærleiken og langrennsløyper med muligheit for å ta på ski rett utafor hyttedøra.

- Reiseveg, satte ei ca grense på max 3timar, men dette er mest et praktisk punkt og ikkje avgjerande. Vi har og et ønske om at hytta ligg så langt heimafrå at når vi et på hytta så er vi på hytta, skal ikkje berre kunne reise heimom å hente noko.

- Nabolag, vi ønsker å ha hytte i eit hyttefelt, etabler hytteområde. Heime bur vi litt for oss sjølve, så å ha naboar "vegg i vegg" på hytta ser vi på som eit pluss.

- Tilgjenglege tomter som oppfølger våre krav til beliggenheit. Vi ønsker ikkje ei tomt som ligger før høgt oppe i eit bratt hyttefelt. Man får nok flott utsikt, men endar somregel opp med ein long og bratt bakke. Tur mogligheitene frå hyttedøra blir også begrensa med små barn.

- Værforhold sommar og vinter. Vi ønsker ein lang og sikker vinter, sikre skiforhold og gjerne varm og tørr somar.

Så då gjenstår det berre å finne den perfekte tomta som oppfyller flest mulig av våre krav. Har fått råd om å ikkje forhaste tomtekjøpet, tomta er kanskje den einaste tingen i ein hytteproses som ikkje let seg endre i ettertid.

Vi er iallefall på tomtejakt, og håpar at vi finn vår draumetomt ganske snart :)


Om nokon har tips rundt val av tomt, gode råd som er lure å hugse på eller andre moment som er viktig å ta med til ettertanke før tomta skal kjøpast, berre å legge att ein kommentar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar