torsdag 23. februar 2012

På tomtejakt..

Å finne drømmetomta er ikkje enkelt, beliggenheit, størrelse, utforming, byggemuligheiter og pris varierer frå tomt til tomt. ALT er viktig for oss, men dei fleste krava vi har satt oss er fleksible og kan vurderast opp mot fordelar og bakdelar. Vi vil ikkje ha flott utsikt til ein kvar pris, men har ei tomt utsikt og andre forhold ligg tilrette er det kjempe flott :)

Ei ligg perfekt til, men er lita og truleg svært vanskelig å opparbeide, andre ligg flott til, er lette å opparbeide, men longt over vårt budsjett.
Om vi vel å ikkje "bu" så nært sentrum kan vi få bra og "billig", men blir avhengig av bil for å handle og komme oss til alpinbakken, i tillegg er det begrensa med utsikt. Langrenn derimot har vi der rett utafor hyttedøra.

Akkurat no heller vi mot det siste, men må nok vente til våren og det blir litt lettare å sjå korleis tomtene er under snøven før vi bestemmer oss for noko :)

Ein ting er iallefall sikkert, det blir hytte på Bjorli for oss! Ein gong inn i framtida <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar