lørdag 10. mars 2012

Har funne vår tomt

I dag var vi på tomtejakt for tredje helga på rad.
Tomtekjøp er ein tid krevande og omstendelig prosess. Mykje som skal vegast for og imot. Tomter der fordelar og bakdelar skal vegast opp mot kvarandre og den BESTE for oss og våre behov skal velgast ut.

Vi har valgt å legge mykje tid i tomtevalget og trur og håpar vi har funne ei tomt vi kjem til å være fornøgde med i mange år frammover :)

Etter mykje tomtekjiking og vurdering av ulike hyttefelt har vi no enda opp med det som starta som ein urealistisk draum og derfor raskt skrinlagt som muligheit, men brått har latt seg realisere.

Vi skal bygge hytte sentralt på Bjorli med ski inn-out :)

Gler meg :)


Under ser dykk litt bilder frå tomta vi har reservert. Gutongen synes det va stor stas å være på tomta.

Desverre litt dårlig vær, men skal være litt utsikt frå tomta :)

Vetlegrenda rett nedom

Flat tomt, relativt lett å opparbeide

Ein stolt gut på hyttetomta for aller første gong

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar