søndag 18. mars 2012

Tidspress

Har begynt å merke tidspresset for å rekke å komme i gong med bygginga i år. Mykje skal på plass før vi kan sette spade i jorda, og mykje tek tid.



Hyttelevrandør må velgast, avtalar må på plass med entrepenør, snekkarar, rørleggarar, elektrikar og andre handverkarar vi treng i prosessen.
Pristilbud må hentast inn og val må tas.
Byggemelding, nabovarslar, reguleringsplanar og anna byrokrati må på plass før vi i det heile kan tenke på hyttekosen.

Planen er å få snikkarhelp til å få hytta tett og ferdig isolert, den er då klar for elektrikar og rørleggar å rykke inn å gjære sitt. Så skal vi ta over med eigeninnsats for å legge vår sjel, frustrasjon og kjærleik i den.
Samstundes som hytta skal opp skal vi også bygge eit anneks på tomta. Det må vi få arkitekttegna så vi får det den størrelse og form vi ønsker. Planen er å få plukkliste utifrå teikningane og bygge annekset frå grunnen av sjølv.
Forhåpentligvis får vi annekset ferdig før vinteren slår inn og kan bo der når vi jobbar på hytta (truleg ein plan det blir vanskleg å halde).

Vi har ei spanande tid i møte. Mykje beslutninger som må tas. Matrealval, fargeval, innredningsval og mykje mykje fleire. Får berre håpe tidsplanen held og at vi får starte eigeninnsatsen på hytta til vinteren <3


- Karoline -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar