mandag 2. juli 2012

Valg av eksteriør farge og liten status oppdatering

Siste dagane har eg saumfart finn.no og ulike byggebloggar etter flotte hyttefargar.
Finn.no er som ei stor bok under stadig oppdatering med enorme mengder med interiør og eksteriør farge forslag. Får mange gode tips med korleis vi kan gjære det og korleis vi absolutt ikkje bør gjære det ;)
Den nye appen til Finn er forresten svært bra og brukarvennleg. (eit hot tips frå meg)

Vi har falt litt for ein mellombrun farge, helst litt meir mot det mørke enn det lyse. Nøyaktig nyanse gjennstår å velje, her må det nok ein del fargeprøver til.
Føler hyttene behandla med Tjærebeis har ein særskild flott glød ved seg. Trestrukturen kjem så flott fram, pluss også for den særegne tjærelukta. Så skal ikkje sjå vekk frå at vi endar opp med Tjærebeis på hytta vår.



Vi skal ha kvite vindu og går nok også for kvite lister. I tillegg likte eg godt hytta på finn som hadde eit bord (om det er det det heiter) brunt og to kvite på vindskeidene.

I tillegg til fargeval og andre detaljar så jobbar vi intenst med byggesøknaden.
Nabovarslane gikk i posten før helga, og vi manglar berre ei underskrift på eit ansvarsrett skjema før alt er på plass å klart for innsending til kommuna.

Då eg før helga snakka med kommuna om kva dei krevde for å sjølve kunne stå som ansvarlege for ringmur og plate var dei ganske optimistiske på ei rask behandlingstid om alt var ok i søknaden.
Optimistiske som vi er håpar vi sjølvklart då at alt er greit i søknaden og at vi kan starte grunnarbeidet i månadskiftet juli/august. Går produksjonen av materialet til hytta raskt kan Familiehytta og FH bygg starte på røysinga av sjølve hytta i slutten av august.

Skjer mykje på planleggingsfronten for tida, klør virkelig i fingrane etter å få kome i gong :)

- Karoline -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar