Tirsdag vart ringen støypt, onsdag la dei rør og ledning til det elektriske og i dag torsdag har dei lagt utover isolasjon, radonsperre, armering og gjort klart for betongen som blir levert i morgon tidlig.
Det meste har gått bra, men eit par skjær i sjøen har det våre. Heldigvis har dei klart å nøsta ut av det og det har ikkje hefta framdrifta.
I morgon er det siste innsats, svigerfar og ein onkel til av min skal oppover å hjelpe til med plata.
Kjempe takknemlig for all dugnadshjelp vi får, ganske sikker på at hyttedraumen hadde våre mykje lenger i det fjærne uten den flotte dugnadsånda :)
Legg ved nokre bilder frå grunnmursarbeidet.
I full gang med arbeidet med ringmurelementer frå Vartdal Plast.
Ferdig ringmur klar for betong. Det tok 3 mann 12 timar å legge ringen etter forskriftene, dei var svært godt nøgd med resultatet.
Status frå byggeplassen onsdag kveld: Ringen er støypt, markisolasjonen er på plass og dekka til, rør i rør lagt i sålen og alle slukar er på plass.
Kjenner eg gler meg til å reise opp på tomta å sjå resultatet sjølv.
Nokon måtte i denne omgong være heime med ongane og halde kvardagen i gong, naturleg nok vart det meg. "Sinnasnekkeren" er nok kanskje ikkje like enig i at det var heilt naturleg at det skulle være meg, men eg får bidra meir på hyttebyggingsfronten seinare, tippar anledninga byr seg ;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar