lørdag 6. oktober 2012

Tur på tomta

I går tok vi turen opp til Bjorli for å sjå etter tomta. Vi kjørte heimafrå etter ein kjapp middag, og sjølv om det var bekmørkt når vi kom fram, måtte vi oppom å sjå på tomta i mørket. Stjerneklart og bitkalt, heilt nydelig. Prøvde å fange det på bilder, men det var ikkje råd desverre.

Då vi kom til campingvogna var den sjølvklart is kald, hadde heldigvis med ein ovn så vi fikk opp litt varmen etterkvart og overlevde natta uten store plager. Vi må vel berre herdast sida det skal bli oss svært mange kalde netter i campingvogna utover vinteren.

Plata såg perfekt ut, alt er klart for byggarane som forhåpentligvis snart er på plass :) Teller dagar og timar ;)

Tomta sett frå vegen, med oppkjørsla vår.

Tomta og oppkjørselen frå oppsida av hytta. 
 
Utsikta <3 Berre å håpe at naboen modererar seg med tanke på høgda på hytta, men tenker nok at vi ikkje får behalde fri sikt for alltid. Nyte det mens vi kan :)
 
Inngongspartiet på den delen av plata som er lavare.
 
Utsikta mot skitrekket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar