søndag 31. mars 2013

Påska 2013 - Påskeafta

På førmiddagen kom min mamma, pappa, bror (Ivar) og Onkel Ole på påskedugnad. Laurdag var det igjen NYDELIG påskevær. Ongane kosa seg ute i sola og dugnadsinnsatsen gikk på høggir inne i hytta.
Loftstova nesten ferdig med veggpanelen.

Tak - Hovudsoverommet og badet har fått tak

Badet er klart for golvstøyping. Vi har festa gipsplater langs golvet for å kunne feste ei rad med flis opp etter veggen. 
 
Med 4 voksne (pluss meg på deltid) i sving med hyttebygginga vart det gjort mykje på ein dag. Når kvelden kom hadde vi bestilt bord på Bjorligaard hotell for ein bedre middag. 3-retters med Spekeskinke, Påskelam og Sjokolademouse vart ei hærleg avslutning på ein effektiv dag :)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar