Av erfaring må vi stå opp i løpet av natta for å slå ned varmen i campingvogna. Vogna har vannboren varme, og med ein liten vifteovn i tillegg, gir det svært god varme etterkvart som sjølve vogna blir tint opp.
I natt vokna eg og følte for å snurpe att soveposen litt ekstra. Når vi sto opp i halv 8 tida var det "berre" 18 grader i vogna. Ikkje iskaldt, men ikkje konfortabelt heller. Ute var det -24 grader, offesielle målingar for natta viser -29 grader på det kaldaste. Ikkje rart det var litt kaldsneke å være campingturist i natt.
Heldigvis kom sola opp og varma litt, men var fortsatt litt for kaldt til at ongane kunne være lenge ute i dag. Kjekt med DVD i campingvogna.
Denne helga har loftet våre i fokus. Panelen som skal opp på veggen på soveromma har fått beis/maling på seg og Eirik har snikra.
|
Soverom Øst - Panel på eine kneveggen og eit stykke oppover ytterveggen. |
|
Første delevegg på soverom vest |
|
Loftet mot øst - Soverom med kottdør inn mot kryploftet. 10 lengder ferdig mala panel, klar til neste helg. |
|
Loft mot vest - Nesten ferdig soverom, ein delevegg har fått panel, den andre må vente så lenge vi ikkje treng loftslengda for å manuvrere panellengder. |
|
Dagens middag - Pølser grilla på bålpanna |
Ei helg med både sol, leik og hyttebyggingframgong. Litt kjipt å oppdage at krana som hadde vatn forrige helg no var fryst. Det er varmekabel i vannledninga, men tydlegvis noko som ikkje virkar heilt som det skal desverre. Her må vi finne ei løysing, helst så raskt som råd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar