onsdag 17. april 2013

Heimehelg

Då vart det hyttefri helg på oss i helga som var.
Med gutebursdagsfeiring for 6åringen på fredag og kombinert familiebursdagsfeiring for min kjære far, 6åringen og eit søskenbarn av meg på søndag, blei det litt trongt å skulle presse inn reise til og frå hytta og hyttebygging i tillegg.

Ei heimehelg gjorde godt for både kropp og sjel, igrunn veldig fint å få styre ei helg i heimen.

Vi la oss ikkje på latsida sjølv om det var frihelg. Kjente det starta å klø i fingrane på laurdagsmorgon, har vist kome inn i ein god arbeidsvane ;)
Laurdag førmiddag reiste vi til fargehandlaren å kjøpte maling til stova. Har lenge vurdert å male to veggar i tvstova, men med hyttebygging kvar helg har det ikkje blitt prioritert (naturleg nokk). Plutselig passa det seg slik og maleånda var i kroppen, då var det berre å hive seg rundt :)

Resultatet vart meget bra, to nydelige fargar eg absolutt vil anbefale vidare :) (Eit innlegg litt på sida av hyttebygginga, men to flotte fargar som absolutt må visast fram)

Begge veggane er mala med Lady Pure Collor, ei svært matt maling som var lett å rulle på, dekka godt og tørka fort. Fargen på veggen til venstre (bak sofa) heiter Demring og den rett mot kamera heiter Pilates. (Til høgre, bak tven, er det kvitt som på resten av stova)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar