fredag 12. april 2013

Sein oppdatering frå helga som var

Litt sein oppdatering på bloggen, men det var sjølvklart aktivitet på hytta i helga som var også ;)
Eg var på reise, men Eirik, min far og Onkel var på hytta å holdt framdrifta stabil.

Boda har fått plater på vegg og panel i tak. Golvet på boda er klart for støyping. Vi har valgt å legge varmekablar i golvet med tanke på å kunne bruke boda også til våte kle ol.

Det lille soverommet mot skibakken vart plasta igjen og leka ut. Her har vi latt plasten i etasjeskiljet våre open slik at eletrikaren skulle komme til sine koblingar og sentralstøvsugaren skulle over der.

Hovudsoverommet fikk malt og festa opp panel på alle veggane utenom den mot stova. Den siste veggen må stå open litt til slik at vi får manøvrert dei lange panelfjølene inne i hytta.

Det andre lisje soverommet fikk ferdig tak.

Tilslutt fikk hytta seg ein skikkelig ryddesjau.


Litt dårlige bilder, men bedre enn ingen bilder ;)





2 kommentarer:

  1. Her går det jammen fort :-) Ser ut til at dere også blir innflytningsklar til vår/sommer. Ser veldig bra ut :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser for oss å kunne selge byggevogna å flytte inn i løpet av sommaren. Heilt ferdig blir vi nok i løpet av hausten :) (Detaljar som lister og utforingar har ein tendens til å ta litt tid ;))

      Slett