søndag 12. mai 2013

Ei helg er over

 Å ha barnevakt ei heil helg hjelp veldig på framgongen. Søndagen starta vi dagen i det vi hørte ei av nabohyttene starta med vinkelsliparen kl 0930, greit å ikkje være den første til å bryte med fjellroa. (Og så var det litt godt å sove oss litt "frampå" når vi var uten dei små ;) )

I dag har eg beisa og Eirik snikra. Beisen på veggane har mykje kortare tørketid enn panellakken i taket og går dermed ikkje vekk like mykje ventetid til tørkinga.


Soverom nr 3 i hovudetasja - Tre veggar er klar - Beisa med Jotun Lady Interiørbeis Farge: Værbitt
 
 
Bilde tatt frå "Spisestua": 1. Mot stova 2. Mot gangen 2. Mot kjøkken 
Fortsatt mykje panel og golv som ligg stabla inne på stova, men stabelen minkar litt og litt kvar helg. Kanskje etter neste arbeidsøkt med panelen er det blitt så lite att at vi kan stable om og kanskje få starte på stova.
Største problemet med at fleire og fleire rom blir ferdige er at lagerplassen forsvinn, loftet og det lisje soverommet er nylakka og sjølv om det går fint å gå på golva, bør det stå nokre veker å herde skikkelig før vi dekker dei til og kan bruke dei som lagerplass igjen. Bada, gangen og boda er nystøypt, og bør stå utildekka til herdeprossen er heilt ferdig. Så med andre ord har vi for tida svært dårleg med lagerplass, og dei få romma som er tilgjengleg er proppa fulle med verktøy, malarspann og andre ting vi treng til bygginga.
Fordelen er at vi stadig kjem vidare og er nermare slutten enn nokon gong ;) (Fortsatt mykje arbeid igjen... men går frammover :) )



2 kommentarer:

  1. Noterer ned veggfarge, konstateterer at det er moro å se fremgang på din og andres hytteblogger samtidig som jeg gleder meg over at vi kan (ok -må...) jobbe ute i finværet :). Det gjelder å glede seg i nuet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Viktig å halde motet oppe og leve i nuet :) "Plutselig" er det hytte under tak hos de også :)
      Har de lagt noko plan for byggestart?

      Slett