søndag 26. mai 2013

Ei ny produktiv helg

Ongane vart trygt plasserte hos min mor og far, og eg eg Eirik fikk reise opp til hytta fredag kveld. Eg beisa opp panel så vi skulle ha nok til å fullføre det andre lille soverommer nede på laurdag. Eirik rydda litt og gjort klart for vidare arbeid på laurdag.

Laurdag starta Eirik med fullføringa av veggane på det andre lisje soverommer nede, medan eg starta på boda. Vi fikk hjelp av min far og Onkel Ole som kom opp laurdag.

Det siste lisje soverommet har fått veggar. Det skal no få være uten golv til resten av hytta er ferdig. Vi treng ein stad å kunne sette inn sag og anna verktøy, så like greit å vente med furugolv til grovlagringa er ferdig.
Boda har fått tapet: 1. Utgangspunktet: Sponplater på veggane og umalt tak. Taket fikk eit strøk med kvit som resten av hytta (Her har vi hatt panelen i taket umalt og malt etterpå, så all ære til dei som maler alle tak i etterkant... det var ein slitsom jobb) 2. Sparkling og PUSSING av plateskjøytar, spikerhol og rufsete hjørner. 3. "Leftovers" Vart noko knapt med tapet på slutten, men holdt heldigvis AKKURAT. 4. Det ferdige resultatet. Ein lys grå vinyltapet som skal kunne tole ein del vatn. f.eks våte vinterkle.
Tapeten til boda var eg heldig å fikk eit resteparti til 100kr rullen. Tre rullar til prisen av ein varmar eit sunnmøringhjarte :) Problemet oppsto mot slutten då spenninga steig, ville vi få nok tapet til heile boda? Heldigvis holdt det akkurat :)
 
Badet og lisjedo vart klargjort for ny runde med besøk frå rørleggaren.
 
Lisjedo har fått kant nede med gips.
 
Bad klart for rørleggar. Vegghengt toalett skal på plass til høgre.
Gangen vart isolert, no er alt klart for fliser på golvet og panel på veggane.
 
Vi sette kursen heimover seint laurdag, etter ei svært produktiv helg. På søndag venta fortballcup for 6åringen og då måtte sjølvklart mamma og pappa prioritere det, hytta må nok vike for anna no og då ;)
 
Tilslutt eit lite stemingsbilde frå min Instagram, berre å følge meg der om nokon vil. Eg er karroaaa :)
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar