mandag 15. juli 2013

Siste innsats før sommarferien

Etter av vi var komt over besøket frå skogens konge tidlegare på dagen oppdaga vi enorm arbeidssomme kveps inn og ut av den eine raftekassa. Har ikkje lagt merke til dei før, så bebyggelsen måtte være relativ fersk, men mengda aktivitet kunne tyde på at der var mange små kryp inni der. Vi frykta ei tid det kunne være bier (som ,vist nok, skulle være vansklege å bli kvitt), men nermare undersøkelse viste at det heldigvis berre var kveps.
Utstyrt med Permetrin festa i enden på ei lekt fikk vi bukt med problemet og det virka som dyra flytta ut. No må vi berre følge med så dei ikkje flyttar tilbake...
Om problemet vedvarar må vi nok plukke ned raftekassene og montere opp insektsperre.

Lisjedo
 


Denne helga fikk vi på plass toalettet på lisjedo. No har vi wc til ferien :) Med vatn frå bøtte til å skylle ned har vi eit godt fungerande toalett :)













Det eletriske begynner å nerme seg ferdig, og vi har fått lys i nesten alle rom :) I løpet av veka skal kraftselskapet kome å få flytte hovudkabelen inn i sikringsskapet slik at vi kan lukke veggen bak skapet. Så startar nok jobben med å få på plass dei resterande punkta å lukke veggane ferdig så vi får kvitte oss med byggestraumen forhåpentlegvis rett over sommaren.

Det store prosjektet for denne helga har våre rundtømmeret på stova. Vart litt tid som gikk vekk på tenking, men når vi kom i gong gikk det litt kjappare.
Rundtømmeret hadde ikkje fjør/not i endane og måtte derfor skjøtast kant i kant på stendaren for å ligge fint. Dette vart ei lita utfordring, og om vi kunne valgt igjenn hadde vi nok foretrukket å kunne kobla saman med fjør/not. Panelen hadde heller ikkje fjør/not på langsida men dette var eit mindre problem, men hadde heilt klart våre ein fordel å hatt.. gikk med ein del tid på å tvinge tørka vridd panel opp på veggen.

Resultatet derimot vart heilt NYDELIG :D

1 del Gotisk Patina og 3 deler Black Bison klar voks

Stove i frambygget

Voksen fra Liberon var grei å jobbe med og virkar svært drøy i bruk, men var litt prøv og feil i starten før eg fant kombinasjonen av pussing, malepå, ventetid og avtørk som gav best resultat. Tenkte å lage ein "to do" beskrivelse etterkvart så andre kan lære av, eg sakna iallefall noko slikt før eg tok til :)

Vi gikk for "lafta" hjørne, og er godt nøgd med resultatet, både snikringa og fargen vart perfekt :D

No har ferien starta for min og ongane sin del, vi skal ha ei veke heime før også Eirik kan starte på ferie og vi kan sette kursen på hytta for litt sommarjobbing.
Blir ein arbeidsom sommar for oss i år, men har lagt inn ei arbeidspause med sol og bad i Tyrkia, så vi skal nok ikkje lide noko nød :)

4 kommentarer:

  1. Såååå fint det blir :-) nydelig farge var det og!!!!!!! Og så herlig med toalett. Det er ikke alltid så kjekt å springe ut i skauen i all slags vær ;-) Dere får ha en riktig god ferie.....både jobbe og tyrkiaferie :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) særdeles fornøgd med stua til no :) kjekt når farge og matereal gir full klaff :)
      Har hatt portapotti i campingvogna, men gjorde godt med slike moderne fasiliteter som vannklosett ;)

      Slett
  2. Ønsker dere en riktig god jobbe- og Tyrkiaferie! Håper dere nyter sol og varme i syden, og lader opp til nok en insats på hytta! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje komne heilt til Tyrkia enda ;) men det nermar seg :) No skal vi ha ei ferieveke på hytta før vi får legge oss på lading på ei solseng i Tyrkia :) reiser opp på hytta i morgon og blir truleg til torsdag :)

      Slett