I dag var rørleggaren frå Lesja Rør her og vi har fått varmt og kaldt vatn i krana på lisjedo og vatn på nedtappinga på doen. For ein LUKSUS! :)
Veldig greit å få vaske seg skikkelig på hendene, kunne ta oppvasken og pussetenner på skikkeleg vis. Her snakkar vi høgstandarhytte ;)
Ellers har vi hatt to prosjekt på gong. Maling utendørs og legging av golv på hovudsoverommet.
Nesten litt skam å jobbe inne i det fine været, men jobben må gjerast. Då vi ikkje var 100% fornøgd med behandlinga av golva til no, dei er bra, men beisen blir lett mørkare der det blir overlapp og dette vil vi prøve å unngå i stova. Det føles umulig å unngå når man behandlar etter at golvet er lagt, så vi tenkte prøve ei anna metode no i håp om at det vart bedre.
No beisa vi kvar fjøl før legging, og det ser ut til å både være enklare å beise på med fint resultat og raskare og enklare enn å beise etterpå.
Golv lagt og eit av tre lag med Trestjerner Gulvmatt er alt kome på. (Beisa med Jotun Lady Interiørbeis Drivved)
No kryp vi til køys, godt nøgde med dagens innsats :)
Så fint det blir, både utenpå og innvendig! Din farge på hytta! Må si dere imponerer med innsatsen! Og sikkert deilig med vann i kranen!
SvarSlettHer har vi nå flyttet inn, og har hatt 2 netter i hytta! Deilig!! Det er bare å glede seg!! God tur til Tyrkia, deilig det også!! :)
Fin farge på hytta skulle det være!! ;)
SvarSlettTakk :) vi er godt fornøgde til no, både med innsatsen og resultatet :)
Slett