søndag 17. november 2013

Siste innspurt

Denne helga hadde vi planar om å få gjort mykje av siste innspurt. Dette var siste helga vi hadde sjans å gjære ein innsats før vi om 14 dagar har invitert vennar på julebord på hytta.
Helga starta litt stusseleg med ei lita jente med feber etter barnehagen på fredagen. Store mengder med nedbør og oppfordringar frå myndigheitene om å holde seg heime gjorde at vi utsatte avreise til laurdagen.
Laurdag var vermeldingane bedre og lisjemora var i bedre form, så vi sette kursen mot hytta.
 
Vi har brukt store delar av helga til å rydde og kaste. Hengt opp gardinar og montert senger. Vi har no alle fem soveroma klare. 
Eirik fikk begynt på badstua.   
 
Lisjedo fikk endeleg fugar og lister. I tillegg ferdig vaska og klart for gjestar :)
 
Når vi la oss på laurdag var det kraftig vind, når vi vokna søndag var dette synet som speila seg. 7-10cm med nysnøv.
 
Urørt snøv, Sol, blå himmel... no manglar berre tid til å finne fram skina :)
 
På soveromma på loftet har vi no fått opp gardiner. Lystette rullgardiner med heimehekla heklakant på. Kjekt med ei mamma som tek hekleutfordringar på strak arm :)  
 
Dei to soveromma på loftet

Neste helg skal eg på julebord, så dette var siste innspurt før "innflyttings/julebord"-helg. Det må ein liten finpuss med støvsugaren til før vi kan sleppe til gjestane, men vi rakk iallefall det som måtte gjærast :)
 


mandag 11. november 2013

Sjølvklart aktivitet også denne helga :)

Denne helga var dei to små med Mormor slik at oss voksne skulle få jobbe mest mulig effektivt. Helga var dedikert til IKEA montering for min del, og Eirik hadde mange prosjekt på planen.

6 nattbord, eit salognbord, eit hjørnebord, eit vitrineskap, ein liten og ein stor kommode.. Var passe lei mot slutten, men var veldig kjekt å få inn litt møblar her og der :)

Laurdag kom min Pappa, min bror og min Onkel opp for å kjøre heim all materealen og kapp-veden vi hadde til overs etter bygginga. Der er mykje vi kan bruke til annekset, tek det derfor heim for sikker oppbevaring til våren kjem.


Flott rydda rundt hytta, no kan snøven berre komme.
Inne fikk vi lista kjøkkenet og sett på foringar.
Den øydelagde varmekabelen som eg nevnte i eit tidligare innlegg vart fiksa.
Vi fikk lakka tre strøk på golvet på det siste soverommet og kappa opp lisert i rett lengder som må bli behandla kommande helg. Vi fikk også sett inn den siste døra.
Badstua fikk støypt golvet.

Føler igrunn vi er såååå nært slutten, men alikevel har vi ganske mange små ting att. Heldigvis fortsatt fulle i arbeidslyst :)

tirsdag 5. november 2013

Eit år har gått

For eit år sidan takka snikkarlaget for seg og vi tok over bygginga og starta på eigeninnsatsen.

Hytta 3./4. november 2012
Tenk at det alt har gått eit heilt år! Eit år med eigeninnsats og vi nermar oss endeleg målet. Det har våre mykje jobbing, helgar og feriar har stort sett våre dedikerte hyttebygginga.
Det har våre slitsomt, lite tid til å være sosiale, lite tid til noko anna enn hyttebygging, men det har gitt resultat.

Til helga skal småtrolla være med mormor og morfar, vi voksne skal vaske ein del, montere IKEA i massevis og ferdigstille nokre små prosjekt her og der.

Eit år har gått fort, og mykje er no gjort :)

søndag 3. november 2013

Berre ei handfull oppgåver att

Etter nokre helger med det som føles som lite framgong har vi denne helga gjort eit kjempe hopp. Mange små prosjekt har endeleg blitt fullførte.
 

Amaturet på kjøkkenet er på plass, no gjennstår berre litt listing, og steinen som skal på benkutstikket før kjøkkenet er 100% ferdig.

Trappa er ferdig montert (Sorry rotet... ;) )
Loftet er ferdig :) Det var ei utfordring å få lista alle vinklane i arken, men med mykje tolmodigheit gikk det tilslutt :)
Det siste soverommet nede har vi brukt som verktøyrom. Verktøyet har fått plass i boda, eller blitt flytta heim. Så i helga vart golvet beisa og lagt. Golvet skal neste helg lakkast med Gulvmatt, som dei andre golva.
Vegg og golv ser likt ut i fargen, men vegg er Jotun Interiørbeis Verbitt og golv er Drivved.
 
Vi fikk klarsignal av feiiar til å fyre i peisen og fredag kom Polarbad med spa/boblebad levering til oss :)
 
Kort oppsummert ei helg med god framgong. Lista med ting som burde gjærast er snart mulig å telje på ei hand. At Eirik resite oppover på torsdag og fikk ei langhelg hjalp nok veldig på. Eg og ongane kjørte oppover på fredag etter jobb, barnehage og skule. Når vi kom var boblebadet kome på plass og laurdag førmiddag var det klart til bruk. Til ongane si store fryd :) 
Det er lite som kan toppe å få legge seg ute under stjerneklarhimmel i boblebadet å berre nyte følelsen av å være nesten i mål med prosjektet vårt.  Det nermar seg :)