søndag 3. november 2013

Berre ei handfull oppgåver att

Etter nokre helger med det som føles som lite framgong har vi denne helga gjort eit kjempe hopp. Mange små prosjekt har endeleg blitt fullførte.
 

Amaturet på kjøkkenet er på plass, no gjennstår berre litt listing, og steinen som skal på benkutstikket før kjøkkenet er 100% ferdig.

Trappa er ferdig montert (Sorry rotet... ;) )
Loftet er ferdig :) Det var ei utfordring å få lista alle vinklane i arken, men med mykje tolmodigheit gikk det tilslutt :)
Det siste soverommet nede har vi brukt som verktøyrom. Verktøyet har fått plass i boda, eller blitt flytta heim. Så i helga vart golvet beisa og lagt. Golvet skal neste helg lakkast med Gulvmatt, som dei andre golva.
Vegg og golv ser likt ut i fargen, men vegg er Jotun Interiørbeis Verbitt og golv er Drivved.
 
Vi fikk klarsignal av feiiar til å fyre i peisen og fredag kom Polarbad med spa/boblebad levering til oss :)
 
Kort oppsummert ei helg med god framgong. Lista med ting som burde gjærast er snart mulig å telje på ei hand. At Eirik resite oppover på torsdag og fikk ei langhelg hjalp nok veldig på. Eg og ongane kjørte oppover på fredag etter jobb, barnehage og skule. Når vi kom var boblebadet kome på plass og laurdag førmiddag var det klart til bruk. Til ongane si store fryd :) 
Det er lite som kan toppe å få legge seg ute under stjerneklarhimmel i boblebadet å berre nyte følelsen av å være nesten i mål med prosjektet vårt.  Det nermar seg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar