mandag 11. november 2013

Sjølvklart aktivitet også denne helga :)

Denne helga var dei to små med Mormor slik at oss voksne skulle få jobbe mest mulig effektivt. Helga var dedikert til IKEA montering for min del, og Eirik hadde mange prosjekt på planen.

6 nattbord, eit salognbord, eit hjørnebord, eit vitrineskap, ein liten og ein stor kommode.. Var passe lei mot slutten, men var veldig kjekt å få inn litt møblar her og der :)

Laurdag kom min Pappa, min bror og min Onkel opp for å kjøre heim all materealen og kapp-veden vi hadde til overs etter bygginga. Der er mykje vi kan bruke til annekset, tek det derfor heim for sikker oppbevaring til våren kjem.


Flott rydda rundt hytta, no kan snøven berre komme.
Inne fikk vi lista kjøkkenet og sett på foringar.
Den øydelagde varmekabelen som eg nevnte i eit tidligare innlegg vart fiksa.
Vi fikk lakka tre strøk på golvet på det siste soverommet og kappa opp lisert i rett lengder som må bli behandla kommande helg. Vi fikk også sett inn den siste døra.
Badstua fikk støypt golvet.

Føler igrunn vi er såååå nært slutten, men alikevel har vi ganske mange små ting att. Heldigvis fortsatt fulle i arbeidslyst :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar