søndag 11. mai 2014

Tilbake til arbeidet

Då var vi i gong igjenn. Snøven har smelta og tela i bakken har slept. Eirik og Ivar reiste oppover fredag etter jobb og starta på helgas dugnadsaktivitetar. Tobias, Lidvar og Ole kom på laurdag og dugnadslaget var komplett.
Målet for helga var å støype ringmuren til annekset.

Då dette er ein relativt liten mur var planen å blande støypen sjølv. Dette var tidkrevande og hardt arbeid, men med mange arbeidara fikk dei på plass støypen i ringen og det er no klart for rørleggaren å gjære sitt.

Ringmuren ferdig
I tillegg til muren ute har Eirik fått på siste detaljen på kjøkkenet. Mur og dekkside på kjøkkenbenken.
Kjøkkenet har fått dekkside og mur

Det har våre deilig å ha byggefri ei periode, å kunne reise på hytta med einaste formål å slappe av og kose oss,men no kjem det nok til å ta seg oppatte med aktivitet, både på byggefronten og her på bloggen. Vi brettar opp armane og gjær oss klar til ein sommar med hytteliv og hyttebygging :)

2 kommentarer:

  1. Fin blogg, hytte og kjempefin steinvegg. Akkurat den løsningen vi driver og funderer på om vi får til. Har dere Ikea-kjøkken med standard benkeplate? Gleder meg til å følge med fortsettelsen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord :)
      Vi har ikkje Ikeakjøkken, men eit frå Nettoline. Benkeplata er bestilt etter mål, så der har vi tatt høgde for litt ekstra bredde for å ha mur på eine sida.

      Slett