onsdag 24. juli 2013

Nesten ferdig ute

Etter god hjelp i av Onkel Ole og i dag av foreldra til Eirik er vi no NESTEN ferdig med utvendig maling :) No manglar det berre den lisje kroken ved verandadøra før vi er ferdig (ok, vi må også ta vindskeidene, men eg hadde ikkje fantasert om at vi skulle ha kome så longt alt no og har derfor ikkje kjøpt kvitmalinga enda..) 


I dag har våre ein nydelig solskinnsdag, sola har skint frå skyfri himmel og ongane har kosa seg ute heile dagen. 

Utpå kvelden kom det ei skikkelig regnbye. 
Fikk bløtt godt opp ute. 


Soveromgolvet har fått to strøk med lakk. Strøk to og tre vart med Trestjerner gulvlakk Silkematt. Vi gikk tom for Gulvmatt og måtte ta til takke med det fargehandlaren her hadde å tilby. Å Silkematt virka bra den også, berre ikkje like matt som Gulvmatt. No er vi litt usikre på om vi skal ha gulvmatt eller Silkematt på stova, vart nemleg veldig fint med Silkematt også ;)

I morgon skal vi male ferdig det brune ute, før vi rydda opp og pakka oss heimatte. Godt fornøgde med innsatsen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar