mandag 22. juli 2013

Sol :)

For ein dag, for ein hærlig dag! Sol frå knall blå himmel frå vi sto opp til seine kveld :)

Nyter litt plommer i sola :)

I dag har vi hatt panel på stova så langt som vi kan gjære før vi får flytta panelhaugen og får fora ut siste veggen der skyvedøra mellom stova og gangen skal stå. 

Før vi starta denne arbedsveka sette vi oss nokre mål for kor mykje vi måtte få gjort; No er vi der, og veka har knappast begynt ;) Trur vi må auke målsetninga for feriejobbinga ;)

Stove og kjøkken nesten i mål. 

Har også fått mala litt ute i kveld, men kjente fort at armane har mala i nokre daga no og mala berre litt før eg gav meg for i dag.
Fikk iallefall tatt i mønet på frambygget, stilaset var godt å ha. 

Rørleggar har også våre her i dag, vi har fått varmtvasstank og innredninga på lisjedo er komen på veggen. Høyrer kjekke rykter om at vi skal få vatn, både varmt og kaldt, i krana på lisjedo og vatn i klosettet i morgon, det skal bli luksus det! :) 

I kveld kom min Onkel Ole på sommarbesøk, så i morgon blir det nok enda meir progresjon i arbeidet :)

Håper alle nyt fineværet, enten det er heime, på hytta eller på jobb :) 


1 kommentar:

  1. Ingen sak å bygge hytte når sola skinner og en oppdager at en får gjort mer enn forventa :-) Fint blir det og!

    SvarSlett