lørdag 14. juli 2012

Norsk hyttemesse

Vi er no på campingferie, vår aller første, viktig å nytte oss når vi har kjøpt campingvogn ;) så med byggevogna på slep rundt om i Noreg, la vi i går turen innom norsk hyttemesse på Hellerudsletta.
Der hadde Familiehytta to hytter utstilt. FH 123 Furutangen og FH 110 Rondablikk, vår FH145 Osensjøen har fleire likheiter med disse to og det var svært kjekt å sjå størrelsar på rom, stove, gang og hems.
Vart gledelig overraska over at stova var så stor som den var og at hemsen var så romsleg (i tillegg får vår ein ark med vindauge, noko som vil gjære den enda romslegare).

Fikk ein flott gjennomgang av selgar Morten hos Familiehytta og vi fikk svar på dei spørsmåla vi hadde. Enda også opp ned å kjøpe eit større vindauge på kjøkkenet og ein "kryploftpakke" så vi får litt lagringsplass på kryploftet. I tillegg til dei endringane vi alt har gjort trur eg vi vil få ei kjempe flott hytte :)

Virkeleg kjekt å få sjå ferdig oppsatt hytte, fikk ein ekstra god følelse etter å ha sett dei flotte utstillingshyttene til Familiehytta. Dette skal virkelig bli knall bra ;)

No skal vi nyte campinglivet i nokre dagar til før vi tek med campingvogna til Bjorli for å forhåpentligvis få starte graving og muring, vi har også avtalt møte med lokal rørlegger for å få på plass hovudtrekka for røranlegget.



Bilde av FH 110 Rondablikk, denne er svært lik vår Osensjøen utvendig.

- Karoline -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar