torsdag 19. juli 2012

Byggevogna plassert og eit lite besøk på hyttetomta

I går nådde byggevogna sin endelige destinasjon på Bjorli Vintercamping. Der skal den ha adresse iallefall ut september. Frå campingvogna ser vi til tomta og kan følge med på prosessen ;)

Vi vil då ha tilgong til straum, dusj og skikkelig toalett i starten av byggeperioda og det trur eg kjem godt med.
Målet er å ha ferdigstilt annekset så pass til slutten på september at vi då ikkje lenger vil være like avhengige av campingplassfasilitetane og vogna kan flyttast opp på byggeplassen.




Til ein liten frustrasjon frå oss så oppdaga vi at selger ikkje hadde fjerna haugane med masse frå tomta som lova.
Under utbygginga av område og utgraving av nabotomter vart nokre hauga med masse lagra "midlertidig" på vår tomt. Desse har selgar lova å få fjerna, noko som enda ikkje var gjort.
Ringde selger som skulle ta tak i det og då får vi satse på at massa blir fjerna slik at tomta blir klar for gravestart når den dagen kjem :) (kjem nok til å følge med på dette så vi ikkje kjem medgravemaskin og massene ligg der enda).
Under ser de nokre bilder frå tomta, og masse haugane eg snakkar om.




Vi tok også ein tur i nærområdet i går, mange flotte hytter og mange nybygg under oppføring.
Ser også ut til at dei aller fleste hyttene på Bjorli har anna tak enn torv, og for dei som har torv er torva fortsatt brun/gul og stusselig sjølv om det er slutten av juli, så begynner å slå meg til ro med at svart schingel tak er det rette for oss.



Vetlegrenda med mange koselige butikkar og kaffear, men stort sett berre opne på laurdagar og i feriar. Ein heilt vanlig torsdag i juli var det stille i gata.

- Karoline -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar