fredag 24. august 2012

Ny dato for byggestart

I dag fikk vi ny dato for byggestart. Jippi!! :)

Ny bekrefta startdato blir no 28/9-12, heile 1,5mnd tidligare enn først meldt.
Dette er ein stor fordel for oss og sikkert kjekt for byggelaget som skal sette opp hytta også.
Ikkje berre berre å skulle bygge på ein av Norges mest snøsikre stadar i november/desember. Bjorli har skianlegg som har som mål å opne i midten av november kvart år, muligens litt upraktisk å være hyttebyggar oppi slike værforhold.
Trur nok det sikkert hadde gått bra med den andre byggestarten også, men september gjære nok alt mykje lettare både for oss og snikkarane.

Vi hadde som opprinneleg plan å male underliggarane på utekledninga før overborda kom på (noko som truleg ikkje hadde våre mulig i november/desember), men med byggestart i september vil dette truleg ikkje være noko problem. I tillegg får vi starta på isoleringa av hytta i oktober medan det fortsatt er plussgrader i lufta.
Best av alt spara vi masse dødtid ved å sleppe å vente på byggestart :)

I dag var det naturlegvis glede i heimen, berre 5 veker til startskuddet. Ei veke går vekk til graving og ei til muring/støyping. Her kjem nok tida til å gå fort.

Brått var det på tide å ta valget av eksteriørmaling. Trudde eg hadde god tid sida det truleg ikkje kunne malast før til våren igjen, men då må vi nok sette i gong å velge farge.
Kanskje male nokre fargeprøver i kveld!? ;)

God helg kjære bloggfølgara :)

- Karoline -

2 kommentarer: