I helga er vi innlosjert i byggevogna på Bjorli Vintercamping. Måtte opp å sjå til at alt sto bra til med vogna. Tre veker sida vi parkerte den, så greit å ta ein sjekk.
Vi måtte sjølvklart også ein tur innom tomta ;)
Til vår store glede var no alle haugane med masse fjærna og det er no klart for graving.
Den foreløbige framdriftsplanen er dermed graving i veke 34, muring etter der (35 eller 36), snikkarane kjem 24. november og vi tek over arbeidet 7. desember :)
Eg kjenner eg er litt skeptisk til byggestart så seint på året på snøvsikre Bjorli, ikkje akkurat små mengder med snøv som fell der i november og desember, men om byggeleder meiner det er uproblematisk så stoler eg på at han har rett i det.
(Kom gjerne med innspel på sein byggestart om det er nokon med erfaring :) )
I kveld har vi våre på hyttebesøk, fått servert pizza og kosa oss. No søv begge ongane og vi voksne ligg på kvar vår sofa å kosa oss med handballkamp.
Blir kjekt å ein gong i framtida få invitert til middag tilbake. Berre å gle seg :)
Legg ved nokre bilder frå tomta, synst sjølv den brått virka mykje større no uten alt rotet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar