onsdag 29. august 2012

Problem man kan møte på i startfasen...

Mandag oppdaga min grunnentrepenør at der berre var ei tomtestikke på tomta, ergo umulig å seie nøyaktig kor tomtegrensene går. Skulle gå bra å få opparbeida tomta, men umulig å plassere hytta. Fem dagar til muringa skulle starte.. Krise.. #den følelsen#

Etter samtale med utbyggar av tomtefeltet lova dei å ta tak i det og alt i dag hadde folk frå kommuna våre der å plassert ut nye tomtestikker.
Absolutt knall service frå alle kantar :) Meget takknemlig!!

Etter at tomtestikkene var på plass viser det seg at den ubebygde nabotomta var kosmetisk opparbeida 2,5m inn på vår tomt.. Med 1m høgd over nivået for vår tomt. Igjen nye samtalar med utbyggar som ordna ut atter ein gong.

Så tross nokre stressande dagar der ting enda bra (så langt), har vi iallefall lært at man bør sjekke tomtestikkene FØR man står klar for start. Ein liten sjekk av tomtestikker tidlig i prosessen ville nok spart oss for mykje bekymring og krisetankar om total samanrasing av framdriftsplanen.

Heldigvis, takke være grunnentrepenør (Kvekroken Entrepenør), utbyggar (Christie eiendom) og Lesja kommuna er vi fortsatt i rute tidsmessig. Kjempe takknemlig for alle sin stå på vilje! Service på høgt nivå frå alle partar!


Lærdom vi håpar andre tek til seg: Sjekk tomtestikkene!


Å være tiltakshavar/prosjektleiar for eige hytteprosjekt er absolutt ikkje berre berre, heldigvis har vi svært kunnskapsrike og serviceinnstilte levrandørar/fagfolk med på laget som ordnar ut når noko ikkje er som det skal og kjem med gode tips i prosessen.

- Karoline -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar