tirsdag 18. februar 2014

Varmestyring

Å sitte i fosterstillign under et ullpledd første kvelden på hytta har sin sjarm, men det var ikkje det vi såg for oss då vi forma vår hyttedraum. 
Det er med gode minner eg hugsar tilbake til besøka på hytta til besteforeldra mine, uten straum og innlagt vatn, om vinteren var hytta beinfryst til longt på natt annkomstdagen. Det hadde sin sjarm, og er eit minne eg har lagra blandt mine gode barndomsminne, men der skal dei få lov å holde seg ;)

Vi har no fått på plass vårt "ring hytta varm" system :) Det har ikkje våre så verst å kome til hytta når den var på 13 grader, med varmeovnar på fullt og fyr i peisen vart det varmt i løpet av kvelden. 
Derimot så tek vi hytta no ned til 10grader når vi ikkje er der. (Lavare tempratur er forhåpentligvis pengar spart på straumregninga) Til helga går temperaturen opp til passe oppholdstempraturar til vi kjem inn hyttedøra. 

Det var mange ulike løysingar å velje mellom, frå dei heilt enkle til meir avanserte smarthus-løysingar. 
Vår løysing er nok meir smarthus enn enkel, men håpar at vi i det longe løp kan spare nokre kroner på straumregninga, være sikra perfekt varm hytte ved ankomst og vi har fått oss ein fancy duppeditt (kjekt for dei duppedittgalne).

Vi valgte MicroTemp varmestyring frå Micro-Matic. På alle varmeovnar og varmekabeltermostatar sit ein sendar i termostaten, den kan dermed styrast. Vi kan stille inn døgnet i fire tempratursoner, natt, morgon, dag og kveld sju dagar i veka. 
Termostatane kan styrast lokalt på kvar enkelt rom, frå mastertermostaten eller frå mobiltelefonen/pc/iPad. 
I normal drift står den på Auto og lever sit eget liv, men om vi ikkje skal på hytta ei helg eller skal på hytta utover det normale helgeoppholdet set vi inn endringa enkelt via appen.


Sjølve instaleringa er nok forbeholdt elektrikaren/elektroinstalatøren eller den spesielt interesserte, men brukarsnittet er lett å forstå seg på. Detaljstyringa av romma er god, senking av temperaturen på natta, varmt på badegolvet på morgonen og ikkje unødig varme på rom når vi ikkje oppheld oss der. I tillegg er det kjekt å kunne følge den faktiske temperaturen i dei ulike romma både når vi er på hytta, men særlig heimafrå. 

No er vi i ei innkjøringsfase, prøva oss fram til dei ideelle tempraturane, både når vi er på hytta (dag og natt) og når vi ikkje er tilstades. Kva kjennast mest behagelig ut, kva er mest økonomisk ;)


Om nokon har tips til kva som er dei ideelle temperaturane så setter vi pris på tips. Både for komfort og økonomi :) Legg att ein kommentar eller send oss ein epost. 


mandag 27. januar 2014

Endelig tilbake på hytta

Vi har hatt ein hektisk start på året, diverse festligheiter og fotballturnering har blitt prioritert, og det gikk derfor tre veker før vi fikk årets første hyttetur. Det var derfor ekstra deilig å komme seg på hytta i helga.

Det er mest kos på hytta for oss for tida. Litt småplukk blir det, fortsatt ein del å ta tak i, dog ikkje der vi har fokuset for tida ;) 

Boblebadet er poppulært både hos dei små og dei store. Heilt klart ein favoritt.
Ute var det ei kald og vindfull helg, det er lenge sida det kom snø, så snøen er skitten og isete. Det hadde absolutt gjort seg med eit skikkelig snøfall no. 

Fikk hengt opp ein slik på bad og lisjedo. Nøkkel tilgjengleg for voksne, men ikkje for barna som lett kan finne på å låse seg inne uten å mestre å låse opp ;) 
Kjøpt for ein billig penge på ebay.com 


fredag 3. januar 2014

Årskavalkade: 2013 - Vårt byggeår

Vi har hatt eit innhaldsrikt hytteår. med unntak av 3 helgar, har dei resterande av dei 52 vekene i 2013 blitt brukt på hytta. Stor arbeidsinnsats har blitt lagt av mange ildsjeler, hundrevis av dungnadstimar er gått med. Ongane har våre svært tolmodige, barnevakter har prioritert barnepass slik at andre skulle kunne bruke tida på hyttebygginga, vennar har nok knappast sett oss siste året og søvn har våre ei konstant mangelvare.
MANGE har bidrege på sin måte til at hytta no er "oppe å går", ein del prosjekt gjennstår, men dei skal vi kose oss med langs med.

Oppsummert i bilder vårt hytteår 2013:
I januar starta vi på loftet, stendara og deleveggar kom opp. Nede fikk vi på lekter på veggar og tak.  Hytta var full av matereal og det kjentest godt å få opp dei første spora av deleveggane.

I februar starta rominndelinga for fuldt i hovudetasja. Om vi trudde det var fuldt i hytta før så hjalp det ikkje å få opp konturane av alle veggane. I tillegg starta den store beisejobben. Vi valgte å behandle alt før vi festa panelen opp, tidkrevande der og då, men vedlig kjekt i ettertid.
 
I mars vart det tak på loftet og litt i hovudetasja. Dei første romma (soveromma på lofet) fikk panel på veggane. Rørleggar ordna eit toalett til oss slik at vi skulle sleppe å nytte porta-pottien i campingvogna.

I april starta vi på veggpanelen i hovudetasja. Golvet på loftet gikk behandling og dei romma som skulle støypast fikk inn varmekablar.

I Mai fikk vi støypte golv, fleire tak, veggar og golv i hovudetasja kom på plass. Våren kom til Bjorli og under snøven kom mykje byggerot fram, ein god innsats fikk rydda på tomta.
 
 
I juni kom meir veggar og meir tak, boda vart ferdig, rør- og eletrikararbeidet går frammover.  

I juli hadde vi sommarferie og med nokre veker sammanhengande hyttejobbing fikk vi malt hytta utvendig (neste strøk til sommaren2014) og fikk ferdig panelen på stova.

Etter ei veke på allinclusive i Tyrkia var vi fulle av arbeidslyst og klare til siste ferieinnsats. Utruleg kor mykje man får gjort når man har dag etter dag og ikkje berre ei helg. Utforingar, karmar og listverk kom på fleire stadar.
I tillegg fikk vi starta på monteringa av kjøkkenet og stigen opp til loftet vart bytta ut med trappa.

I september fikk vi flisar på badet, meir utforingar, karmar, dører og lister. Ute vart støttene til platten støypt. No har små pjusket starta, det som er i uendelege mengder, aldri tek slutt, og nesten ikkje viser att ;)

I oktober starta innflyttinga av alle møblane vi til no hadde lagra i kjellaren heime. Ute fikk vi krudd opp platten akkurat i tide før den første snøven kom.

IKEA montering, gardiner, listing, fuging, vasking, dill og dall. Siste innspurt :) 
 
Desember har våre berre hytteKOS. Lyg ikkje når eg seier at vi ikkje har løfta verken hammar, drill, spikarpistol eller sag i heile desember. Svært deilig å berre reise på hytta for å kose oss.

Det har våre eit år fyldt med knall hard jobbing. Vi har nådd ein draum vi lenge har lengta etter. Vi har jobba målretta og no er vi endeleg der vi hadde drøymt om, hytta er FERDIG. MEN; *kremt* vi har mykje att, små dill i hytta, uteomårde og eit anneks skal opp, forhåpentlegvis ila 2014.

Godt Nyttår til alle våre lesara!

lørdag 28. desember 2013

Hyttebok

Etter vi fikk ferdigattesten tok vi i bruk hytteboka. Litt skriverier om oppholdet, kven som var med, kort om kva vi gjorde på osv. 
Til jul ønska eg meg ein printer som kunne printe bilder frå mobilen (og det fikk eg), så i tillegg til tekst limer vi inn nokre bilder for å oppsummere oppholdet. 

Har tru på at det blir eit kjekt minne i åra som kjem :)

Boka fikk vi i gåve frå hytteprodusenten vår Familiehytta. 

Oppsummert dei to siste hytteturane :) 

Ikkje så mykje oppdateringar på bloggen lenger, mesteparten av jobben er gjort. Til våren startar bygging av annekset, då blir det nok hyppige byggeoppdateringar igjenn :) Inntil då kjem eg nok med oppdateringar no og då om livet på hytta vår og tilbakeblikk. 
Eg nyttar mykje instagram for tida, så om nokon vil ha små innblikk i hyttelivet vårt er det berre å følge meg der KARROAAA :)



mandag 2. desember 2013

Innflytningsfest/helg med gode venner

I veka som var fikk vi ferdigattesten svart på kvitt :) No har vi det på papir at vi er FERDIGE!

I helga var det klart for dei første skikkelige besøkshelga på hytta. Ei kosehelg med mykje god mat og kjekt lag med dei gode vennane våra.

Eirik reiste oppover på torsdag slik at han skulle være der fredag morgon når montør frå Sector Alarm kom for å instalere boligalarmen. No er hytta beskytta mot uvedkommande og andre farer
I tillegg fikk han hengt opp litt adventspynt og nokre klesknaggar i gangen.

Hytta pynta med adventstjerner
Knaggar på veggen i gangen - ved inngangsdøra og under trappa

Fredag etter jobb kunne eg og to vennepar sette oss i bilen å sette kursen mot hytta. Når vi kom opp var det god mat og hyttekos til langt på natt.


Laurdag kunne vi sove så lenge som vi ville og etterkvart som vi vokna var det frokost, kaffe og skisport på tv
Etterkvart som alle saman hadde stått opp og fått i seg litt frokost, kledde vi på oss og tok ein tur i slalombakken.

Det var opplett og laussnøv i bakken. Litt tongt føre, men stemninga var god :)
Tilbake i hytta venta matlaging (Ribbe, pinnekjøt, rabbestappe, rødkål, surkål mm) og avslapping i boblebadet. Vi fikk også besøk av eit til vennepar så då var alle på plass :)
 
T.V. Heldige som vi var fikk vi flotte innflytningsgåver :)  T.H Middagen putrar på kjøkkenet. Kjekt med stor koketopp når man skal kokkelere til monge gjestar.

Julemiddagen var nydelig, og godt lag i gode venner gjorde innflytningsfest helga til ein stor suksess!
Kan nok ikkje ha fleire innflytningsfestar, men julebordhelg må absolutt bli ein tradisjon :)

søndag 17. november 2013

Siste innspurt

Denne helga hadde vi planar om å få gjort mykje av siste innspurt. Dette var siste helga vi hadde sjans å gjære ein innsats før vi om 14 dagar har invitert vennar på julebord på hytta.
Helga starta litt stusseleg med ei lita jente med feber etter barnehagen på fredagen. Store mengder med nedbør og oppfordringar frå myndigheitene om å holde seg heime gjorde at vi utsatte avreise til laurdagen.
Laurdag var vermeldingane bedre og lisjemora var i bedre form, så vi sette kursen mot hytta.
 
Vi har brukt store delar av helga til å rydde og kaste. Hengt opp gardinar og montert senger. Vi har no alle fem soveroma klare. 
Eirik fikk begynt på badstua.   
 
Lisjedo fikk endeleg fugar og lister. I tillegg ferdig vaska og klart for gjestar :)
 
Når vi la oss på laurdag var det kraftig vind, når vi vokna søndag var dette synet som speila seg. 7-10cm med nysnøv.
 
Urørt snøv, Sol, blå himmel... no manglar berre tid til å finne fram skina :)
 
På soveromma på loftet har vi no fått opp gardiner. Lystette rullgardiner med heimehekla heklakant på. Kjekt med ei mamma som tek hekleutfordringar på strak arm :)  
 
Dei to soveromma på loftet

Neste helg skal eg på julebord, så dette var siste innspurt før "innflyttings/julebord"-helg. Det må ein liten finpuss med støvsugaren til før vi kan sleppe til gjestane, men vi rakk iallefall det som måtte gjærast :)
 


mandag 11. november 2013

Sjølvklart aktivitet også denne helga :)

Denne helga var dei to små med Mormor slik at oss voksne skulle få jobbe mest mulig effektivt. Helga var dedikert til IKEA montering for min del, og Eirik hadde mange prosjekt på planen.

6 nattbord, eit salognbord, eit hjørnebord, eit vitrineskap, ein liten og ein stor kommode.. Var passe lei mot slutten, men var veldig kjekt å få inn litt møblar her og der :)

Laurdag kom min Pappa, min bror og min Onkel opp for å kjøre heim all materealen og kapp-veden vi hadde til overs etter bygginga. Der er mykje vi kan bruke til annekset, tek det derfor heim for sikker oppbevaring til våren kjem.


Flott rydda rundt hytta, no kan snøven berre komme.
Inne fikk vi lista kjøkkenet og sett på foringar.
Den øydelagde varmekabelen som eg nevnte i eit tidligare innlegg vart fiksa.
Vi fikk lakka tre strøk på golvet på det siste soverommet og kappa opp lisert i rett lengder som må bli behandla kommande helg. Vi fikk også sett inn den siste døra.
Badstua fikk støypt golvet.

Føler igrunn vi er såååå nært slutten, men alikevel har vi ganske mange små ting att. Heldigvis fortsatt fulle i arbeidslyst :)