fredag 7. september 2012

Plata er klar

I dag i halv 11 tida fikk eg melding om at plata var på plass og at resultatet var blitt veldig bra. Gjengen var svært godt nøgde med resultatet.

Dei har hatt ei veke med svært utfordrande vær kaldt, regn og vind heile veka. Heldigvis har vinden kome når vinden kan komme, regn når regn er ok (så ok som regn og utearbeid kan bli) og litt sol innimylla. 


Fredag morgon: Klart for betongbilen


Ferdig plate, no er det berre å vente på snikkarane 
 


Spørsmåle fleire vil ha svar på er nok om arbeidsoppgåva var overkomelig, og om vi (Eirik og dei andre) ville gjort det igjenn? (Om alternativet er å leige arbeidskraft)
Svaret var ja, alt i alt, svært arbeidskrevande, men overkomelig.
Det har våre lange arbeidsdagar og mykje bekymring rundt vær og vind. Når du ligg om natta å merkar vinden riv i campingvogna skal det noko til å ikkje bekymre seg litt ekstra over om isoporen du har brukt ein heil dag på å plassere ut, fortsatt er der du vil den skal være.
Man veit at man berre har ein sjanse, og det må bli bra første gongen, men når plate er på plass og resultatet vart kjempe bra var det absolutt verd kvar ein arbeidstime og bekymring. 

Om nokon lurer på kva matereale vi har brukt er det Vartdal Ringmurselement 45cm og Vartdal Ringmurselement 30cm til inngongspartiet.
Under plata har vi 10cm litt grov sand, 15cm EPS Styropor (VP), radonsperre, 10cm EPS Styropor (VP), armeringsnett og flytbetong.
Rundt hytta har vi markisolert med 7cm XPS Finnfoam (VP).
Meir om dei ulike produkta kan du lese på nettsida til Vartdal Plast

7 kommentarer:

  1. Det vart veldig flott :) Mykje arbeid, men godt når det er gjort. Lenge til hytta kjem?

    SvarSlett
    Svar
    1. Snikkarane kjem allereie 1. oktober. Dei har plan om å bruke tre veker på jobben, så uti slutten av oktober er det vår tur til å prøve snikkarferdigheitene våre :)

      Slett
    2. Vi skal til Oppdal en tur i haustferien, så da får vi stikke oppom og sjå kor langt dokke er komne i røysinga :)

      Slett
  2. Så bra! Det blir spennende å følge dere i byggeprosessen, for vi kommer sikkert til å følge hverandre ganske jevnt, og mye likhet er det mellom hyttene også! Glede glede :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja vi at mykje kjekt i vente frammover! (og mykje arbeid ;))

      Slett
  3. Så kjekt å se at dere er kommet så langt, såg veldig flott og stort ut:)Blir spennende å følge dere videre! Lykke til:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) mykje spennande som skal skje no frammover :)

      Slett