lørdag 16. februar 2013

Flytte campingvogn, vatn og beising av takpanel

Denne helga er det svigermor og svigerfar som er barnevakt, og eg og Eirik fikk fare på hytta begge to. Planen for helga var flytting av campingvogna, besøk av rørleggaren (Erik frå Lesja rør) og å starte beising og legging av tak.
I dag laurdag har vi våre så heldige å hatt våre to gode hjelpara med, min far og min onkel, dei hadde dagstur, men eg og Eirik skal overnatte i campingvogna.

Til no har vi hatt campingvogna vår ståande på Bjorli vintercamping ( 2 min med bil frå hytta), men ettersom hytta blir meir og meir ferdig tenkte vi det ville være praktisk å få vogna opp til hytta. Etter at rørleggaren var hos oss i dag har vi no hytta klargjort for vatn på hovudinntaket. Berre å skru på krana nede i gata så har vi kaldevatn ;)

Vi har bekymra oss ein del for korleis vi skulle få campingvogna på plass. Heldigvis fikk vi god hjelp av Edin som driv Bjorli vintercamping til flyttinga av vogna (Særdeles god service!). Med ein god firehjulstrekker, vinsj og 6 voksne klarte vi den knappe svingen og fikk vogna trygt plassert på tunet :)

Eg starta på beising av panel til taket i dag. Vi har valgt panelkvit med dobbel dose kvit.
Den hadde kort tørketid, så eg mala og etterkvart som panelen tørka vart den snikra opp i taket. Når vi gav oss i kveld har vi fått tak på det eine soverommet på hemsen :)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar