Ei ny maleøkt for Karoline på laurdagen, det går kjapt frammover, håpet er å bli ferdig før sommarferien ;)
Strøk nr to går lettare enn strøk nr ein. Sida første strøk, som vi la i fjor sommar, har trekt godt inn i kledninga ser man stor forskjel på eit og to strøk, noko som hjelp godt på male motivasjonen etterkvart som det går frammover. (Sjå bildet--->)
Vi nyttar tømmerolje i fargen Tjærebrun frå MøreTyri .
Tømmeroljen er utvikla for å trekke godt inn i treverket og samtidig la det puste. Spesielt godt egna for tømmer(f.eks laft) og villmakskledning (slik som vi har).
Trestrukturen kjem godt fram og særlig no etter strøk nr 2 har hytta virkelig fått gløden og utsjånaden vi har ønska :)
To sider malt - Tømmerolje i fargen Tjærebrun frå MøreTyri |
MøreTyri sender fargeprøver, vi fikk våre i posten berre nokre dagar etter vi var i kontakt med dei. Berre å sende ein epost eller nytte kontaktskjemaet på nettsida deira.
Fredag kom byggesettet til annekset, no skal det bli bygging i vekene som kjem og utover sommaren :) Denne veka og neste har vi snikkar på oppgåva. Blir spennande å sjå utviklinga frammover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar