tirsdag 5. november 2013

Eit år har gått

For eit år sidan takka snikkarlaget for seg og vi tok over bygginga og starta på eigeninnsatsen.

Hytta 3./4. november 2012
Tenk at det alt har gått eit heilt år! Eit år med eigeninnsats og vi nermar oss endeleg målet. Det har våre mykje jobbing, helgar og feriar har stort sett våre dedikerte hyttebygginga.
Det har våre slitsomt, lite tid til å være sosiale, lite tid til noko anna enn hyttebygging, men det har gitt resultat.

Til helga skal småtrolla være med mormor og morfar, vi voksne skal vaske ein del, montere IKEA i massevis og ferdigstille nokre små prosjekt her og der.

Eit år har gått fort, og mykje er no gjort :)

søndag 3. november 2013

Berre ei handfull oppgåver att

Etter nokre helger med det som føles som lite framgong har vi denne helga gjort eit kjempe hopp. Mange små prosjekt har endeleg blitt fullførte.
 

Amaturet på kjøkkenet er på plass, no gjennstår berre litt listing, og steinen som skal på benkutstikket før kjøkkenet er 100% ferdig.

Trappa er ferdig montert (Sorry rotet... ;) )
Loftet er ferdig :) Det var ei utfordring å få lista alle vinklane i arken, men med mykje tolmodigheit gikk det tilslutt :)
Det siste soverommet nede har vi brukt som verktøyrom. Verktøyet har fått plass i boda, eller blitt flytta heim. Så i helga vart golvet beisa og lagt. Golvet skal neste helg lakkast med Gulvmatt, som dei andre golva.
Vegg og golv ser likt ut i fargen, men vegg er Jotun Interiørbeis Verbitt og golv er Drivved.
 
Vi fikk klarsignal av feiiar til å fyre i peisen og fredag kom Polarbad med spa/boblebad levering til oss :)
 
Kort oppsummert ei helg med god framgong. Lista med ting som burde gjærast er snart mulig å telje på ei hand. At Eirik resite oppover på torsdag og fikk ei langhelg hjalp nok veldig på. Eg og ongane kjørte oppover på fredag etter jobb, barnehage og skule. Når vi kom var boblebadet kome på plass og laurdag førmiddag var det klart til bruk. Til ongane si store fryd :) 
Det er lite som kan toppe å få legge seg ute under stjerneklarhimmel i boblebadet å berre nyte følelsen av å være nesten i mål med prosjektet vårt.  Det nermar seg :)

fredag 25. oktober 2013

Ny sag, godt med pågongsmot

Eit lite sladrebilde...

Trofaste blogglesera har fått med seg at vi hadde ubehandla lister. No når hytta er nesten ferdig fikk vi eit lite plass problem for å få mala ferdig dei resterande listene. Særlig dør/vindu listene, med sine mange strøk, pussing og rot (haustvær ute og ferdig vaska inne), føltes utrulig mykje styr å skulle ta til med. 
Mulig det er litt "juks", men av enkelheitsgrunnar enda vi opp på Coop bygg og kjøpte med oss ferdigmalte lister.. ;) Får trøste meg med at dei var på tilbod. Under 19kr per meter er igrunn utrulig lite når eg tenker på all tid eg hadde brukt på jobben! 

Ny sag er kjøpt inn og vi er no klar til liste innsats :) 

God helg til alle! :)

søndag 20. oktober 2013

Helga over

Denne helga var vi mannsterke og skulle få ferdig listinga på hemsen/loftet. Slik skulle det ikkje gå... Plutselig slutta saga å virke, og vi var heilt avhegig av å kunne sage i vinkel for å kunne liste :/ Kjempe kjipt! Vi misstenker at den kan ha blitt fuktig, eller så er den berre rett og slett brukt opp i løpet av sitt 10år lange liv og ikkje minst no hyttebygginga. Utruleg kjipt at den ikkje berre kunne virke litt til, men slik vart det berre..
 
Uten sag fikk vi styrt litt her og der. Mykje som kunne ryddast, så arbeidsledige vart vi heldigvis ikkje ;) Laga god mat og slappa av fikk vi også gjort.
 
Nokre innblikk i hytteidyllen denne helga

Snøven kom dalande på fredag og laurdag førmiddag, dei to små synast det var stor stas.
Natt til søndag falt tempraturen og snøkanonene i skianlegget kunne gå for fuldt. Søndag morgon var det produsertnokre kvite flekkar. Kanskje opnar skianlegget snart? :)

Hytta med utelys i måneskin :)

Tross den kjipe saga så hadde vi ei fin helg på hytta. fortsatt litt lite møblar der, men ventar eit lass frå Ikea i starten på november, så blir forhåpentlegvis ei ordning på den delen då :) Og då vil det nok etterkvart komme meir interiørbilder av hytta også :) Berre å gle seg ;)

lørdag 19. oktober 2013

Endelig tilbake

Sist helg vart den tredje i år då hytta ikkje fikk besøk av oss. 
No er vi heldigvis tilbake på hytta. Denne helga ein heil gjeng (Eg, Eirik, ongane, min far, min Onkel Ole og min bror Ivar). 

Målet er å få rydda ferdig rundt hytta for vinteren (heilt i siste liten då snøven no dalar ned ute)

I tillegg skal vi liste litt til på loftet og få ferdig nokre småprosjekt rundt om i hytta. 

Ha ei god helg alle sammen :)

mandag 7. oktober 2013

Terasse

I dag har mannfolka jobba ute i duskeregnet med platten og vi damene har styra inne med vaskekosten. 
Utrulig kor mykje støv som til stadigheit dukkar opp. Byggestøvrestar må vi nok slite med ei tid frammover ;)

Ute har vi fått opp markterassa på framsida. 



No må vi få tilkjørt masse før uteområdet er heilt ferdig. Litt usikkert om vi rekk å fylle opp før snøven kjem, men kanskje :)

søndag 6. oktober 2013

Haustferie

No er vi halvvegs inn i den lisje haustferien vi har fått innvilga i år. Vi har fått med oss foreldra til Eirik på hytta og hovudfokuset har til no våre på terassa og litt detaljer inne. 

Vi har skrua tvbenk frå IKEA..

Vi har jobba med terassa - Gikk tom for stenderplank, så i morgon må vi på shopping så vi får fortsette jobben. 


Tyttebæra og bjørnebæra er fortsatt tilgjengeleg på hyttetomta. Dei to små på bærtur. 

Spisestua har kome på plass. Pliségardiner for å kunne blende for innsyn/sollys har kome opp, men det kjem etterkvart litt meir gardiner ;)

No har kveldsroa senka seg og vi laddar opp til ein ny dag i morgon, hærlig med haustferie :)