lørdag 31. august 2013

Kvitevarer, nedvask og listing

Her går det framover. På torsdag var elektrikarane på besøk, fikk montert opp sikringskapet og det kom kontrollør frå everket som fikk godkjenne det elektriske anlegget. 
Anlegget vart godkjent og byggestraumen vart bytta ut med fast installasjon. 

I går leverte vi dei to små hos mormora og morfaren og pakka bilen full i kvitevarer. Alle kvitevarer er no på plass forutenom kjøleskapet som ikkje har kome frå leverandøren. Håper at det er på plass til neste helg :)
Kvitevarejungelen har våre vanskleg å finne fram i, utallige merker, tilleggsutstyr og variantar. Vi enda tilslutt på ein AEG pakke, virkar som solide greier med flott design :)

I dag kom foreldra til Eirik opp for å hjelpe til. Svigermor har vaska ned panelen i så godt som heile hytta og svigerfar har hjelpt Eirik med montering av kvitevarer og etterpå listing. Eg har hatt den store jobben med å behandle listene. 
Listemalinga går overraskande greit på alt utenom dei kvite til dører og vindu... Dei er virkelig ein flaskehals :/ men har fått lista ein del også i dag, så skal nok komme i mål tilslutt :)



mandag 26. august 2013

Listing

Eit parti ferdig mala dør og vindulister til tørking.
 Dagen i dag har gått med til listing. Eit parti med dør/vindulister rekk desverre ikkje til så mykje, men fikk tatt nokre dører og vindu iallefall :) I tillegg kom det på ein del taklister på stova.

Vi har lister!! Skal tru om vi snart kan flytte inn?? :)

Trappetrinna fikk dei to siste strøka med Trestjerner Gulvmatt - Resten av trappa må vente til vi har brukt opp listene som ligg lagra på loftet. 

Hausten har kome til Bjorli
 
Mykje nermar seg no ferdig på hytta. Til neste helg er planen å ha fått ferdig det elektriske anlegget, få sett inn kvitevarer og starte på det store største badet. I tillegg har vi fortsatt att litt maling ute, så kryssar fingrane for fint malevær.

lørdag 24. august 2013

Lister, trapp og terasse

Listemaling tek tid... Masse tid.. Mest ventetid, tid som går vekk på å vente på at malinga skal tørke å vi kan ta neste strøk... utenom all ventetida er det heilt klart ei overkommeleg oppgåve :) (optimismen rår framleis)
Har til no fått to strøk med grunning på første partiet med dør/vindu lister og eit parti med taklister ligg til tørk. Kanskje vi får lista litt i morgon?! :)

Stove og kjøkken fult i lister. 

Vi har også beisa og sett inn trappa i dag. Kjekt å kvitte oss med stigen opp til loftet. 
Delvis ferdig trapp, manglar rekkverket. Litt dårleg bilde, men trinna er behandla med Lady interiørbeis drivved og eit av tre lag med trestjerner gulvmatt og vangane har lik farge som veggen. 

Ute har vi støypt fleire støtter til terassa

I går kom parabolmontøren å la inn parabol til oss, så no sit vi i kvar sin utestol å nyt kveldsroa framfor tven. Ei fin avslutning på ein produktiv dag :)

fredag 23. august 2013

I etterklokskapens navn...

Kjøp ferdigmalte lister... 


Til vårt forsvar så viste vi ikkje heilt kva farge listene skulle være då vi først bestilte byggesettet, dermed kjøpte vi alle lister ubehandla. Vegg og taklister er greide å behandle, dei skal vi ha likt veggar og tak, eit strøk og rask tørketid, men vindu og dørlister skal være likt med karmar og vindu/dører, altså kvit bomull. 

Det betyr at denne helga blir det grunning og kvitmaling av lister. Ein enorm jobb som neppe kan lønne seg verken i tid eller pengar. Tørketid på 24tima og mulig pussing mellom strøka...

Er berre å leite opp malekosten å gå på med godt mot :) 


fredag 16. august 2013

Sommarjobben er over - No er det tilbake til helgejobbing

Då har Sander og Eirik kome heim frå siste del av sommarferiejobben. Dei har gjort ein god innsats denne siste veka. Vi har fått gjort meir enn vi hadde drøymt om i løpet av sommaren. Der vi er no, hadde vi eit lite håp om å være til jul. No ser det ut til at vi vil være innflyttingsklar om nokre veker :)
 

I dag kom det to flinke kara frå Kvekroken Entrepenør AS å hjelpte oss med pipemonteringa. Vi har vurdert litt fram og tilbake om vi skulle prøve oss sjølve, men kom til at det var best å la profesjonelle ta seg av pipa. Litt kjedelig om det skulle vise seg at vi gjorde noko feil og fikk vannlekasje eller kanskje brann. Vatn og ild er ikkje noko å leike seg med.
No er det iallefall klart for peiskos, ikkje verst! :)
Nesten alle foringar er på plass rundt vindua og nesten alle dører er sett inn.
 
 Utenom pipemontering har det i dag kome på plass fleire dører og nesten alle vindusforingane.

No startat den store listejobben, i tillegg må kvitevarer settast inn, badet byggast og trappa monterast (Pluss MASSE små prosjekt ;).
Håper å kunne sende søknaden om brukstillatelse til kommuna om 2-3 veker :)
* L Y K K E *

torsdag 15. august 2013

Fuging og dører

 
Gutane står på på hytta, ny framgong i dag :)
Ferdig fuga
 
Dei første dørene er på plass 


onsdag 14. august 2013

Fliser i gangen

Nye bilder tikka inn på eposten min i ettermiddag. Eirik har lagt fliser på golvet i gangen i dag, såre kne og sliten kropp i bytte mot ein fullført flislagt entre.

Fliser i gangen på plass
Regnar med gutane har fuging og vasking på planen til i morgon.