Då har Sander og Eirik kome heim frå siste del av sommarferiejobben. Dei har gjort ein god innsats denne siste veka. Vi har fått gjort meir enn vi hadde drøymt om i løpet av sommaren. Der vi er no, hadde vi eit lite håp om å være til jul. No ser det ut til at vi vil være innflyttingsklar om nokre veker :)
I dag kom det to flinke kara frå Kvekroken Entrepenør AS å hjelpte oss med pipemonteringa. Vi har vurdert litt fram og tilbake om vi skulle prøve oss sjølve, men kom til at det var best å la profesjonelle ta seg av pipa. Litt kjedelig om det skulle vise seg at vi gjorde noko feil og fikk vannlekasje eller kanskje brann. Vatn og ild er ikkje noko å leike seg med.
No er det iallefall klart for peiskos, ikkje verst! :)
Nesten alle foringar er på plass rundt vindua og nesten alle dører er sett inn. |
No startat den store listejobben, i tillegg må kvitevarer settast inn, badet byggast og trappa monterast (Pluss MASSE små prosjekt ;).
Håper å kunne sende søknaden om brukstillatelse til kommuna om 2-3 veker :)
* L Y K K E *
Jøjemei, plutselig er dere nesten ferdig!! Så flott det blir! Nå blir det hyttekos allerede til høsten, det gledes tenker jeg ;-)
SvarSlettHar våre ein produktiv sommar :) tenk at vi alt nermar oss innflytting :) blir haustferie på hytta i år ja :))
SlettJa, dere har hatt litt av en sommer! Tenk at det ikke er lenge til dere kan flytte inn! Dere fortjener virkelig en god høst på hytta! :))
SvarSlettTakk :) en god haust skal det nok bli <3 hyttekos :)
SlettGodt jobba! De inspirerer framleis oss som ligg litt lenger bak i løypa. Er utruleg imponert over kor effektive de er!
SvarSlettKjekt å få være inspirasjonskilde :)
SlettGår godt framover med dokke også ser eg :) effektivt med sommarferiejobbing :)