Har til no fått to strøk med grunning på første partiet med dør/vindu lister og eit parti med taklister ligg til tørk. Kanskje vi får lista litt i morgon?! :)
Vi har også beisa og sett inn trappa i dag. Kjekt å kvitte oss med stigen opp til loftet.
Delvis ferdig trapp, manglar rekkverket. Litt dårleg bilde, men trinna er behandla med Lady interiørbeis drivved og eit av tre lag med trestjerner gulvmatt og vangane har lik farge som veggen.
Ute har vi støypt fleire støtter til terassa
I går kom parabolmontøren å la inn parabol til oss, så no sit vi i kvar sin utestol å nyt kveldsroa framfor tven. Ei fin avslutning på ein produktiv dag :)
Gratulerer med trapp :-) Det ble jo kjempefint!!! Når jeg ser alle listene deres er jeg glad for at vi bestilte ferdigmalte dør/vinduslister ja ;-) Men fatt mot......det går jo strålendes :-)
SvarSlettTakk Brit Elisabeth :)
SlettEr berre å glede seg over ferdigmalt lister, dette tek jammen mykje tid. Heldigvis berre dør/vinduslister som tek mykje tid, resten går mykje raskare, men må gjerast og eg har MANGE meter med lister att.