Til vårt forsvar så viste vi ikkje heilt kva farge listene skulle være då vi først bestilte byggesettet, dermed kjøpte vi alle lister ubehandla. Vegg og taklister er greide å behandle, dei skal vi ha likt veggar og tak, eit strøk og rask tørketid, men vindu og dørlister skal være likt med karmar og vindu/dører, altså kvit bomull.
Det betyr at denne helga blir det grunning og kvitmaling av lister. Ein enorm jobb som neppe kan lønne seg verken i tid eller pengar. Tørketid på 24tima og mulig pussing mellom strøka...
Er berre å leite opp malekosten å gå på med godt mot :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar