søndag 3. februar 2013

Deleveggar på plass

Då var helgas innsats på hytta avslutta. Forutenom deleveggen mellom hovudsoverommet og inn til stova, har alle deleveggane kome opp.
Det er no klart for rørleggaren å kome å plasere ut koblingane sine og vannsystemet. Det elektriske er klart på loftet, dvs at loftet no er klart for panel!! WOW!!! ;) I 1 etasje har det elektriske starta, men ein del står att.
 
Bad med ei lita badstu innerst.

Soverom og lisjedo til venstre. I bakkant er badet med badstu.

Mykje veggar... Det var no ei utfordring å få flytte rundt på ting inne i hytta. Skal bli bra når vi får brukt ein del av panelen og får rydda litt plass.


Soverom til venstre, lisjedo i midten og gang til høgre. I bakkant har vi hovudsoveromet til høgre, bad i midten og bastru til venstre.

No kryssar vi fingrane for at rørleggar har tid til oss om ikkje lenge :) Eg har også fått heim ein del av panelen slik at eg kan laga fargeprøve. Hastar med fargebeslutningar no ;)

2 kommentarer:

  1. Guri, dere tar noen kjempeskritt hver helg! Fantastisk med så gode og mange hjelpere!!
    Det blir spennende med fargeprøver.. Det er jo så viktig også :-) Jeg følger spent med ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fargeval har blitt ei utfordring, mykje flott å velge mylla og vanskleg å sjå det føre seg alt i samspel.
      Trur eg no har klart å begrensa alternativa så pass at eg kan kjøpe fargeprøver :)

      Slett