Vi har hatt ei helg med ei god blanding av familiekos, familiekaos og byggeaktivitet. Vi har i løpet av søndagen fått beisa (eller lakka blir vel rettare sida det er behandla med panellakk ;)) og snikra opp veggane på lisjedo. Ein hærleg gråfarge vart det.
Planen var å få kobla til vatn og få til eit primitivt toalett i løpet av helga, men ting går ikkje alltid heilt etter planen. Vatnet var godt beskytta av eit komlokk med 15cm is over, og vi har enda ikkje lykkast med å skaffe ei gammal toalettskål. Planen er uansett klar for neste helg, då skal det blir vatn!
Lisjedo er ikkje store rommet, med sine 80cm i bredda er det nok berre akkurat brett nok,men akkurat held det. Viktigaste er at det yter sin funksjon som gjestetoalett/ ekstra toalett. Det blir innbyggingstoalett på eine veggen og ein liten vask og speil på den andre.
Oppe: Lisjedo - Nede: Gangen mot lisjedo, bad, hovudsoverom. |
Lisje do - Ei lita hytte i hytta. Rett fram er eit soverom, i bakkant har vi badstu og hovudbad. |
He he, ja veien er kort fra familiekos til familiekaos ;-)
SvarSlettJeg likte veldig godt fargen på «lisjedoen». Det blir nok bra med toalettmuligheter i byggeperioden ;-)
Takk, veldig godt nøgd med fargen vi også :)
SlettHar no fått låne eit toalett med rørleggaren vår og vatn skal det forhåpentligvis bli ei løysing på til helga, så dette går rette vegen :)Skikkelig do og innlagt vatn skal bli bra :)
Kjempe fin farge på doen:-) så grei rørlegger dere har, alltid greit med do-muligheter og vann:-)
SvarSlettTakk! Veldig serviceinnstilt rørlegger frå Lesja Rør :)
SlettSjølvbyggartilverelsen kjem til å bli mykje meir behagleg no med vatn og toalett i hytta :)
Uten tvil at det gjør ting lettere:-)
Slett