søndag 10. februar 2013

Rydde- og byggelaurdag

Denne helga hadde vi kjekke planar. Eirik og svigerfar skulle reise på hytta laurdagsmorgon og eg, ongane og svigermor skulle reise opp på søndag. Det skulle være sol, ski og hyttekos med fastelavens og morsdag.
Slik vart det ikkje.. Elstemann kom heim frå barnehagen med feber på fredag, planen måtte endrast og det vart innehelg på oss. Helga kunne derimot ikkje gå heilt fri for hyttebygging, så då vart det ein dagstur på Eirik og svigerfar på laurdag.

Denne helga var planen å bygge ferdig stenderverket på dei siste to veggane mellom gang, hovudsoverom og stue. I tillegg skulle dei malingsflekksikre loftsgolvet og flytte ein del panel opp på loftet slik det var klart til å starte behandling av takpanelen. Om dei hadde tid skulle dei starte med litt beising, det siste rakk dei ikkje å starte på.

Deleveggane vart nesten ferdig, siste stenderen på opninga mellom stove og gang måtte vente slik at det skal være mulig å få dei lange panelfjølene ut av stova og opp på loftet.

Dei har stabla om den store materialhaugen inne i stova. Når materealhaugen ikkje lenger nådde taket kunne lyset frå dei store srovevindua sleppe til i hytta. Bildet er tattfrå gangen.

Stova er full av panel, hovudsoverommet fult i isolasjon som skal på veggane, dei andre soveromma er fylt opp med dører, utforingar og verktøy. Her er det nok berre å stå på så man får rydda fram hytta litt etter litt.

Ein del panel er flytta opp på loftet, klart for beising.

Neste helg blir det å starte på beising av takpanelet til loftet og forhåpentligvis får vi både beisa litt og spikra opp nokre lengder. Håper at vi held oss friske alle mann og kan starte beisinga med friskt mot, det er MANGE meter med panel som må behandlast før vi er i mål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar