søndag 17. februar 2013

beising og bygging

No har eg kome heim til ongane, Eirik er framleis att på Bjorli å jobbar vidare. I morgon kjem ei levering med pipe og ovn, så då måtte vi være tilstades å ta imot.
 
I dag har vi fortsatt med beising og meir legging av tak på lofet. I tillegg har vi fått lagt tak på lisje do. Har prioritet på å få ferdig lisje do slik at dei sanitære forholda skal bli så bra som råd. Vatn, ei gamal doskål og litt veggar, så blir det brukbart. Til no har vi brukt toalettbygget på campingen eller den lokale bensinstasjonen, men blir greit å få til noko i hytta.
 
Med god varme på loftet gikk beising og snikring fort onda. Eg beisa, det tørka på ca 20min og Eirik snikra.

Vi har hatt det godt på Bjorli Vintercamping, men jammen var det praktisk å få flytta vogna opp til hytta. Første natta på eigen grunn var ikkje feil det ;) Praktisk med litt fasilitetar i nærheita, sjølv om det er type camping.

Legg ved litt fleire bilder bilder av campingvogntransporten. Nydelig vær i går, den som hadde hatt tid til ein skitur..!


Etter eg sette kursen heimover i ettermiddag har Eirik jobba vidare. Vi har no to soverom med tak, eit bad og halve loftstova.

Planlegginga av fargeval går frammover. Har fått tilsendt fargeprøver frå Stavanger. Birger Vormestrand AS var einaste forhandlar eg kom over som laga 1dl fargeprøver, ein tidligare kollega henta prøvene og sendte dei til meg i posten. Uti veka må eg nok prøve å få mala litt prøver å bestemme oss for veggfargar til gang, loft og soverom.

2 kommentarer:

  1. Campingvogn er et godt alternativ som byggebrakke, og det måtte bli praktisk for dere å få den opp til hytta. Med den farten dere snekrer og maler, blir den vel overflødig ganske snart! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Super byggebrakke :) men du har nok rett, ikke mange mnd før vogna er overflødig ;)

      Slett