lørdag 9. mars 2013

Sol, snø og blåfarge

Ny helg på hytta for vår del. Min far og onkel hadde seg i dag ein dagstur, og eg, Eirik og ongane tek oss ei natt i campingvogna.
I dag har vi hatt nydelig vær, men ganske kaldt. Sola har begynt å varme litt, men må ha på godt med kle for å være ute, kulda bit litt med sine ca minus 8.


Første oppgåve då vi kom fram til hytta var å måke sti i snøven. Det var kome ca 30cm nysnøv sida forrige helg, og sida campingvogna no står i oppkjørselen, får ikkje måkaren pløgd heilt opp, derfor litt ekstra snørydding på oss ved ankomst.


I haugane etter snøryddinga var det kjekt å bygge snøvborg, mange timar gikk med på utforming av borga og oppgradering av våpen.

Eg og Anna Emilie var på ein trilletur i nabolaget. Eit fantastisk vær i dag :)



Skiløypa som går rett nedafor hytta vår.


Vetlegrenda, med butikkar, kaffear og pub. (Dei fleste butikkane var desverre stengde i dag, butikkeigarane har nok hatt opent alle vinterferievekene og trengte nok ein laurdag fri)


Det har ikkje berre våre sol, snø og fritid denne laurdagene. Litt male/beise jobbing har det blitt. Dette er Jotun multicollor Tjernblå som vi har valgt til dei to soveromma på loftet.


Ikkje lett å "fange" rette fargen på bilde, men tok to bilder, virklegheita vart ein mellomting ;)



Eg mala på og strauk av ein del av fargen med ei gamal oppklipt joggebukse. Dette gav ein flott effekt der livet i furupanelen kom godt fram i den blå fargen.

No har roa senka seg i campingvogna, ongane sovna raskt til etter ein dag med mykje frisk luft. Eirik er inne i hytta å snikrar opp siste runde med panel og eg sit å mannar meg opp til å ta ei siste runde med malarkosten (når han er ferdig), før vi skal finne senga for i dag.

Ps. Beklager små bilder, iPhone blogging er ikkje heilt optimalt.

4 kommentarer:

  1. Ser ut til at flere har hatt ei flott helg! :) Spennende med den blåfargen på panelet! Skal du ha på noe voks e.l. etterpå?

    SvarSlett
    Svar
    1. Flott helg ja :)
      Litt usikker på om vi bør ha klar voks på toppen her, men skal avvente å sjå. Skal ha voks på veggane på lisjedoen iallefall. Gjer dei litt meir bestandige mot vatn og smuss.
      Aldri brukt voks, så må sjå korleis den oppfører seg før eg bestemmer den ;)

      Slett
  2. Sjå her ja, det går jammen unna!! Kjempeflott med blått innspill på panelen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenkte vi måtte ha noko som skilde seg litt ut frå det typiske fjellhyttefargane. Derimot vil det bli mykje brunt no frammover når eg skal starte på loftstue, gang og stove :)

      Slett