mandag 9. januar 2017

Vi nyt hyttelivet


Heisann alle hyttebyggara og andre trufaste lesara. 
Det er nokre år sida vi flytta inn i hytta, hyttelivet har sett seg i oss, og vi storkosa oss på hytta. Det er ingen stad skuldrane senker seg som dei gjære på hytta.

Legger ved nokre bilder frå hytta, så de får sjå korleis vi har fått det. 

 
Stue

 
Spisestue

 
Hytte og anneks i sol og snøv


 
Stue frå gang


 
 Loft



Idyll i solveggen <3

Ønsker alle ein fin hyttevinter :)

onsdag 3. juni 2015

Eit bad blir til

I helga som var brukte Eirik heile helga ute i annekset, i fred og ro fikk han festa opp platene på badet. Det vart litt ekstra styr då vi hadde laga stendera for liggande panel, men med ein god omgong med kubbing fikk han festa på platene. Slik går det når vi bestemmer/ombestemmer oss undervegs i bygginga. 
Ca halvferdig

Golv og veggar ferdig, det nermar seg

Baderomsinnredninga er på plass

Kommande helg blir det fotballcup for oss, men vi har bestilt kjøkken, så helga etter blir det montering og liste arbeid på oss. 
No går det virkelig frammover :)


søndag 31. mai 2015

Pinsa 2015

Når man har hytte er langhelger kjærkomne :) Pinsehelga stilde vi mannsterke og hadde mange planar i annekset. Med oss på lasset hadde vi denne helga mine foreldre Anita og Lidvar. 
Fulle i pågongsmot fikk eg og mamma/Anita beisa veggar etterkvart som Eirik og Pappa/Lidvar sette opp panelen. Når veggane var gjort (med unntak av ein liten bit på eine soverommet, då vi gikk tom for panel) starta vi med å beise golva, og i løpet av helga fikk vi og lakka tre strøk med Trestjerner Gulvmatt på golva på stova og begge soveromma. 

Golva er behandla med eit strøk Lady interiørbeis Drivved og tre strøk Trestjerner Gulvmatt. Veggane er Lady interiørbeis Sensand

Flisene på badet og i gangen vart fuga og vaska.

Vi hadde også med oppover plater til badet, men der mangla vi ei sag, så dei måtte ligge til neste helg. 

tirsdag 12. mai 2015

Flislegging

Denne helga var eg, Karoline, i Oslo for å delta i lag med jobben i Holmenkollstafetten. Småtrolla var plassert med mormor og morfar, og Eirik reiste på hytta klar for ei hektisk helg med flislegging. 

No er golva i alle rom på plass i annekset (utenom hemsen, der er berre sponplater enda). Vi mangla holsag, så fikk ikkje lagt flisa rundt sluken på badet, men dette blir raskt orden på nestegong. 

Vi gjorde det enkelt og valgte like fliser på gang og bad, på "stue"del og soveromma er det furugolv. Planen er å behandle furugolva likt som i hytta, Jotun Lady interiørbeis drivved og tre lag med Trestjerner gulvmatt lakk. Det har igrunn våre overraskande holdbart, må seiast at eg frykta furugolvet skulle hakke seg raskt opp, men det har gått veldig greit (det er fortsatt furugolv, så sjølvklart mjukt og nokre hakk har kome, men ikkje så ille som frykta). 

Eirik hadde lange dagar på alle fire med flislegginga, men fikk også nytt middag ute i sola på terassa. Bjorli viste seg frå si beste side. Sjølv om det innimellom var litt kjølig vind, kraup gradestokken opp i tshortetempatur i solveggen. 


lørdag 2. mai 2015

Oppdatering

I annekset går det fort frammover for tida. Panel har kome på størsteparten av veggane, tregolva er lagt der dei skal være og beisinga er i god gong.
Denne helga gikk vi tomme for panel, så arbeidet fikk ein bråstopp, men skyvedørlommene har kome inn i veggen på soveromma og vi har fått beisa ein god del. 

Bilde tatt frå Mini-kjøkkenkroken mot stove

Bilde tatt frå stova mot inngongsdøra og kjøkkenkroken.

Neste helg blir det forhåpentligvis flislegging. Vi går for denne, lys grå med betongutsjånad. 

På Bjorli har Kong Vinter takka for seg, det er så godt som snøvfritt rundt hytta. Det dala nokre snøfnugg i går kveld, men dei tapte mot sola og forsvant i morgontimane. 




lørdag 21. mars 2015

Working hard

Det har blitt litt sjeldnare blogginnlegg, men vi står på. Det går frammover i annekset, vi rakk ikkje å flytte inn til påska i år heller. Det går bra, vi har ikkje hastverk, neste påske DÅ ;)

Deler nokre bilder som viser framgongen. 

Velkomen inn - bygging pågår

Bad - varmekablar på plass og i dag har Lidvar og Eirik fått på flytmasse på golvet

Lite soverom

Litt større soverom

Stue/oppholdsrom

Hems med bod med opning frå stova

Inngongsdøra og liten kjøkkenkrok - her har også blitt støypt golv i dag

Ute - kosa oss masse her :)

Fortsatt god helg alle sammen. Her nyt vi helga på hytta. No er vi akkurat komne heim frå skitur i sola. Straks er det middag og etterpå venter ein dukkert i boblebadet, kan ikkje bli feil dette :)




søndag 25. januar 2015

Vinterstemning på Bjorli


Deler nokre stemningsbilder frå hytta. 

Vi har starta innreiinga av annekset, men mykje jobb står att. Vi tek litt jobbing innimellom, men prøver også å få slappe av og kose oss på hytta. 
No har vi hatt nokre helger heime, med fotballcup og nyttårball, men neste helg blir det igjenn hyttetur, lengselen er stor. 


fredag 7. november 2014

Vi bygger fortsatt

 
Ivrige blogglesara har venta tolmodig på nye oppdateringar på bloggen. Vi har ikkje våre på latsida sjølv om det har våre stille på bloggen. Vi har i somar og haust jobba mykje med uteområdet rundt hytta, singel har blitt trilla og gras har blitt sådd, til våren skal vi sette opp ein skigard og då kan vi nok sjå oss svært godt fornøgd med uteområdet. 
 
Oppsida av hytta, mange turar med singel i trillebåra har blitt trilla.
 
Inne i annekset har vi kome godt i gong. Vi har tatt det i eit behagleg tempo å prøvd å ikkje stresse med det. Å bygge hytta var energikrevande, så for å ikkje gå tom/lei har bygginga i annekset blitt tatt litt no og då, med lyst og glede. Målet var å få isolert og plasta før kuldegradene sette inn, det har vi klart. Vi har fått inn isolasjon i veggar og tak, plasta og er nesten ferdig med utlektinga.
I tillegg har det meste elektrorør og spottkasser kome på plass. 
 
Bilder frå annekset; Her kjem to soverom, bad, liten kjøkkenkrok og opphalsrom.
 Denne helga har Lidvar (min far) frakta første lasset med panel til annekset opp på hytta. Kjenner litt grøss mot å skulle ta fram malarkosten att, men har god beisetrening, så dette skal gå greit.
Slit litt med valg av fargar, er så mykje som er fint. Om nokon har tips om fargar som hadde passa i eit lite fjellhytte anneks så tek eg gjerne imot tips.

søndag 31. august 2014

Tilbake til gamle kunster

Denne helga var ongane plasserte hos mormor og morfar, Karoline og Eirik reiste på hytta for å gjære ein skikkelig arbeidsinnsats på annekset.
For eit par veker sida kom svaret frå kommuna med godkjent bruksendring og alt var derfor klart for å innrede det etter den opprinnelege planen. 

Denne helga sto isolering på planen. Sjølve bygget har våre klart ei stond, men vi har valgt å konsentrere oss om utendørsarbeid med terasse, tomta rundt hytta, og maling av hytta og annekset i sommar.
Klart til isolering

Det var ingen veg utenom, isolering er ingen favoritt hos nokon av oss, men med godt mot og i kvite eingongsdressar frå Jula med hette og gode hanskar fikk vi gjort mykje i løpet av ein effektiv laurdag.
Søndag fikk vi isolert resterande og vi fikk også laga nokre kubbingar i taket der innerveggane skal gå. Tilslutt fikk vi starta med dampsperra, men denne hadde vi berre med ein rull og gikk tom ganske kjapt. Uansett må vi seie oss fornøgde med innsatsen denne helga :) Vi hadde ikkje regna med å være så effektive, men det merkast både på isoleringa og plastinga at dette er kunstar vi har gjort ein gong før under hyttebygginga.

Ferdig isolert
 
 
Kubbing i taket og start på fuktsperre
 
 
Utsikta frå soverommet på annekset

Tilslutt vil vi dele eit lite tips: Vi malte to store eineknaggar med same farge som hytta, slik fikk vi eit perfekt oppheng for hageslangen.

 

fredag 1. august 2014

Sommarmodus

Har våre i sommarferiemodus her på bloggen. Den nydelig sommaren har gitt lite tid til blogging. Eller rettare sakt, bloggen har ikkje blitt prioritert.

Vi har bukt mykje tid på hytta i sommar, Bjorli har virkelig overraska som sommardistinasjon.
Vi kjøpte tomta på Bjorli først og fremst med tanke på den flotte vinteren her, men til no har våren og sommaren berre gitt positive opplevelsar. Her er flatt og fint for sykling og mange flotte stiar til turgåing, og når vi etterkvart får fart i fjellbeina på ongane, er Romsdalsfjella og innover mot Tafjordfjella områder vi gler oss til å utforske. Til no har vi hatt nokre flotte turar i nærområdet, i går var vi på Rånåkollen (kjem eget innlegg om det).

Til no i sommar har vi mala, snikra, skrudd platting, trilla sand og singel og slappa av og sykla og gått tur mellom arbeidsoppgåvene. I tillegg satte vi oss på toget og fikk oss nokre dagar i Oslo og ein tur på Hunderfossen på heimvegen. No rundar vi av tredje av fire ferieveker, og håpar å få gjort enda litt arbeid før ferien er over. Eg har ein del malearbeid att, føler det aldri tek slutt, det må trillast ein del singel og det må byggast og isolerast i annekset. I tillegg blir det nok litt tur i næromårdet med ongane.

 
Lidvar (min far) og Anita (min mor) i arbeid ein gong tidleg i sommar.

Ei helg i juni fikk vi også flytta boblebadet og felt det ned i terassa.

Skruing av terassebord

I ettermiddag skin sola igjenn, yr.no melder regn og overskya mesteparten av neste veke, vi håper meldingane er feil og kryssar fingrane for ei siste ferieveke med mykje sol :)

Håpar lesarane våre nyt sommaren og at alle hyttebyggarane der ute kosar seg med prosjekta sine. Ser iallefall at her på Bjorli er det mange nye hytter som poppar opp, så ingen tvil om at hyttebygginga er inne i ein høgsessong no.

søndag 29. juni 2014

Hytte og anneks i harmoni


Bilde1: Her har vi morgonsola inn under ein liten overbygd platting ved inngongen til annekset. Godt skjerma og lunt for vind. Litt spent til vinteren korleis snøven legg seg, men det får tida vise.
Bilde2: Planen er å bygge boblebadet ned i plattingen og lage ein kosleg uteplass på framsida.
Bilde 3: Hytte og anneks sett frå vegen. Annekset har lik takvinkel som frambygget og skal derfor passe fint til hytta. Litt maling og det blandar seg nok bra inn.

No har vi ei hyttehelg til før vi kan sette inn storinnsatsen i sommarfeien. I år (som i fjor ;)) vil vi nok bruke mykje tid på hytta. Fire veker ferie og ingen andre planar enn hyttetur, så får vi sjå kva vi finn på av sprell for å få litt avveksling frå hyttelivet. Skal iallefall bli godt å være på hytta lenge, sleppe å pakke beggen igjenn etter to overnattingar ;)
Sjølv om Bjorli først og fremst er ein vinterdestinasjon har det mykje å by på også om sommaren. Vi håpar på sol, varme, lite mygg, mykje turmuligheiter både på føter og sykkel, godt male og byggevær, blide barn og glade voksne med arbeidslyst i bagasjen ;) No lengtar vi etter sommarfeiren her hos oss ialelfall :)

lørdag 28. juni 2014

Annekset nesten ferdig utvendig

Endelig tilbake på hytta! Saknet var stort etter hytteliv, og i tillegg var vi no ekstra spent på å sjå korleis annekset passa inn på tomta og i lag med hytta. Frykta det skulle være småstilt og trangt, eller ruve opp i terrenget. Heldigvis var det større enn eg hadde sett for meg (inne), men alikevel ikkje ruvande på tomta. På oppsida får vi ein perfekt overbygd krok for kaffe i morgonsola, og på framsida får vi ein lun og ganske skjerma uteplass for ettermiddag og kveldsola. Utsjånadsmessig ser det ut som en viktig puslebrikke har kome på plass på tomta ;) Heilt perfekt.

Lidvar (min pappa) og snikaren har jobba i to veker med annekset, og bygget er no nesten ferdig utvendig. Anita(min mamma) hadde seg nokre dagar med malarkosten og fikk tatt underliggarane. 
Vi hadde leigd snikkaren for to veker og er godt fornøgd med framgongen. Då vi kom opp var det berre å ta over byggestafettpinnen og starte på kledninga. 
Hadde det ikkje våre for at vi gikk tom for overliggara, hadde vi våre nesten ferdige utvendig. 

Ein liten smakebit :) Deler fleire bilder når eg kjem heim til pcen. 

fredag 20. juni 2014

Eit bygg blir til

Mandag - Tirsdag- Torsdag
Mandag reiste Lidvar og snikkaren på hytta for å starte på bygginga av anekset. Dei jobba effektivt, og berre i løpet av denne føreste veka har dei kome longt i bygginga. Onsdag fikk dei besøk av Ole så dei var mannsterke når takstolane skulle på.

Det klør i fingrane etter å kome opp å inspisere bygget, men det blir ikkje hytteturmuligheit på oss før neste helg, enn så lenge må vi nøye oss med bilder.






mandag 16. juni 2014

Hytta får ny glød - Strøk nr to med tømmerolje frå MøreTyri


Ei ny maleøkt for Karoline på laurdagen, det går kjapt frammover, håpet er å bli ferdig før sommarferien ;)
Strøk nr to går lettare enn strøk nr ein. Sida første strøk, som vi la i fjor sommar, har trekt godt inn i kledninga ser man stor forskjel på eit og to strøk, noko som hjelp godt på male motivasjonen etterkvart som det går frammover.  (Sjå bildet--->)

Vi nyttar tømmerolje i  fargen Tjærebrun frå MøreTyri  .
Tømmeroljen er utvikla for å trekke godt inn i treverket og samtidig la det puste. Spesielt godt egna for tømmer(f.eks laft) og villmakskledning (slik som vi har).

Trestrukturen kjem godt fram og særlig no etter strøk nr 2 har hytta virkelig fått gløden og utsjånaden vi har ønska :)


To sider malt - Tømmerolje i fargen Tjærebrun frå MøreTyri
 
MøreTyri sender fargeprøver, vi fikk våre i posten berre nokre dagar etter vi var i kontakt med dei. Berre å sende ein epost eller nytte kontaktskjemaet på nettsida deira.



Fredag kom byggesettet til annekset, no skal det bli bygging i vekene som kjem og utover sommaren :) Denne veka og neste har vi snikkar på oppgåva. Blir spennande å sjå utviklinga frammover.


tirsdag 3. juni 2014

Plate støypt

To sementblandara, ei trillebåre, fire mann og tre timar effektiv jobbing var det som skulle til, plata til annekset er no støypt og det er klar for bygging.

Vi er heldige som har mange kjekke i flokken våre som stiller opp på dugnad
Torsdag var fridag og eg og ongane reiste på hytta for å nyte litt hytteliv sida vi tre hadde fri også fredag. Dagen vart nytta til tur i skogen og lunch i det fri. 
Eirik, Ole, Yngve, Thip og Lidvar kom opp etter jobb på fredag og det var igjenn mykje folk samla. Laurdag var arbeidsinnsatsen på topp, spadetaka var mange, trillebårlass i massevis og etter god innsats frå dugnadsgjengen var plata på plass.
 
Resten av sanden og singelen vart fordelt utover på oppsida av hytta. Kjekt å få det litt "reinare" rundt hytta, eg var litt lei av å støvsuge sand ut av hyttegangen.
 
Litt singel på oppsida av hytta, plassen virka plutselig mykje større. Kan kjøre bilen inntil døra no om vi skulle øsnke det ;)
På laurdags kveld starta eg å male andre strøket på hytta. Vi tok eit strøk i fjor og skal ta andre strøket i år. Strøket frå i fjord har trekt godt inn i veggen og den var blitt lys og matt i fargen. Det gjorde seg virkelig med eit strøk nr 2 no. I løpet av søndagen fikk eg malt ferdig oppsida (med unntak av arken på loftet). Om de ser nøye på bildet ser de forskjellen på eit og to strøk, eit under overbygget og to på veggen til venstre i bildet.

Ei helg med mykje sol, litt kald vind og mykje arbeidsglede :)

søndag 25. mai 2014

Jobben går vidare

På fredag kom rørlegger å fikk lagt inn dei vannrøra som skulle inn i plata. Lidvar tok morgon ferga og sto klar til å assistere rørleggaren i arbeidet. Utpå kvelden kom eg, Eirik og ongane. Eg hadde ikkje våre på hytta sida påske, og det var ubeskrivelig godt å sige ned i sofaen og berre nyte hyttelivet igjenn. 

Laurdag starta jobben med å legge isolasjon, plast og armeringsnett. Dagen starta med skyer og skodde etter ei regnfull natt. 
Plata på "trappa" fikk støyp, så denne er no ferdig og blir grei å kunne trille trillebåra opppå når sjølve plata skal støypast. 
Vi var litt fram og tilbake på om vi skulle blande støyp sjølv, eller bestille levering, landa på at kostnadsmessig sparer vi mykje på å gjære jobben sjølv. Tidsmessig er vi avhengig av mange hjelpande hender, men håper det let seg gjære med to blandara og mange trillebårer. Alle som vil er velkomne på dugnad :)

Utover dagen kom sola og himmelen vart meir og meir blå. 
Her på framsida av annekset skal vi lage ein uteplass etterkvart. Draumar, tankar og planar :)

No har kveldsroa senka seg. Ein spanande fotballkamp har våre kveldens underholdning. Ongane søv og dei voksne er sletne av dagens innsats. 

søndag 11. mai 2014

Tilbake til arbeidet

Då var vi i gong igjenn. Snøven har smelta og tela i bakken har slept. Eirik og Ivar reiste oppover fredag etter jobb og starta på helgas dugnadsaktivitetar. Tobias, Lidvar og Ole kom på laurdag og dugnadslaget var komplett.
Målet for helga var å støype ringmuren til annekset.

Då dette er ein relativt liten mur var planen å blande støypen sjølv. Dette var tidkrevande og hardt arbeid, men med mange arbeidara fikk dei på plass støypen i ringen og det er no klart for rørleggaren å gjære sitt.

Ringmuren ferdig
I tillegg til muren ute har Eirik fått på siste detaljen på kjøkkenet. Mur og dekkside på kjøkkenbenken.
Kjøkkenet har fått dekkside og mur

Det har våre deilig å ha byggefri ei periode, å kunne reise på hytta med einaste formål å slappe av og kose oss,men no kjem det nok til å ta seg oppatte med aktivitet, både på byggefronten og her på bloggen. Vi brettar opp armane og gjær oss klar til ein sommar med hytteliv og hyttebygging :)

torsdag 13. mars 2014

Glasplater på kjøkkenet

Ei pappplate har våre det mest brukte kjøkkenutstyret på hytta. Sprut frå vask og matlaging er ikkje det beste for veggen og ei stor pappplate har blitt brukt som veggbeskyttelse. 
Sist helg har vi no endeleg fått opp glasplater over kjøkkenbenken :) Ting tar tid når vi har kome over i hyttekosemodus. 


Valget sto mellom laminert glas og herda glas og vanleg glas. 
Største fordelen er kanskje å velge laminert glas, det skal tåle mykje og pga lamineringa så blir det ikkje glasskår om det knuser. 
Prismessig kunne vi kjøpe nye glas plater 2,5 gongar for prisen på herda eller laminert plate. 
Vi enda derfor opp med glas og håper dei held seg heile i årevis ;) Pengar spart er pengar tjent! 

Vi brukar mykje tid på hytta for tida. Fredagar setter vi oss i bilen mot hytta, søndagen kjem så altfor fort. Det har våre litt knapt med snøv på Bjorli denne vinteren, men i følge yr.no kan det bli ei endring på det no. 

Ute området på hytta er ganske halvferdig, men terassa er på plass, så her nyter vi vårsola i hytteveggen. 

Å grille pinnebrød med kanel og sukker på var stor suksess for små og store. 

I morgon er det fredag, her er bagen pakka og familia er klar for helg på hytta :)