torsdag 8. august 2013

Fire generasjonar

I dag har det våre fire generasjonar på hytta, min mor og mine besteforeldre tok seg ein dagstur oppover og dei har underholdt ongane og stelt i stand med mat for oss. 
Kjekt med besøk på hytta :)

Værgudene var med oss og det var opplett og etterkvart kom også sola. Desverre var det en kald vind så ingen sommarfølelse ute i dag. Opplettvær er fint for oss som skulle jobbe med stovegolvet i dag og vi kunne då beise bords ute. Hadde det regna hadde jobben brått blitt meir plasskrevande inne..

Dagen starta med tung skodde, men utpå dagen vant sola

Onkel Ole tok også turen oppover i dag og starta jobben med beising av vindskeidene. Veldig kjekt å sjå forskjellen når vindskeidene fikk litt kvitmaling, vart utrulig flott :)

Inne var det stovegolvet og "muren" bak peisen som har tatt opp mesteparten av dagen. 
Ikkje heilt ferdige med golvet, men nærmar seg :) 
Peishjørnet vart vi meget fornøgde med, passa godt med resten av fargane på stova. 

No kryssa vi fingrane for opplett vær i morgon.. Treng å få beisa nokre golvbord til før vi kan seie oss ferdige. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar