tirsdag 6. august 2013

Sommarjobben tek til igjenn

Då var late dagar ved "poolen" i Tyrkiet over og vi var tilbake på hytta med ny giv. 
Ein ferie gjorde godt for både store og små. Ikkje våre flust med familietid når alle helgar har gått med til hyttebygginga, så ein skikkeleg familieferie var akkurat det vi trengte :)

Vi kom heim på søndag og etter at nokre maskiner var kjørt med klesvask og eit uttallig antall ærend som vi måtte ha på plass til hytta sette vi kursen mot hytta i dag tidlig. Eg, Eirik, ongane og min bror Ivar. 

I dag starta vi på stovegolvet. Vi lektar opp frå plata og har våre litt nervøse for stovegolvet. Kva om det ikkje var beint nok...? Kva om plata ikkje vart støypt nøyaktig nok..? Men her var alle bekymringer unødige, vi hadde gjort ein god jobb på plata :) 

Fuktsperre, lekter og isolasjon

Serieproduksjon; male, kappe, legge

Fornøgd med dagens innsats, ca 1/3 av stovegolvet er fullført :) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar