Laurdag og søndag var nok ikkje dei mest produktive dagane vi har hatt på hytta, men litt fikk vi gjort. Været var rett dårlig, noko som sette ein stoppar for maling av panel, utearbeid på terassa eller maling ute.
Vi fikk laga til ein liten male"stasjon" i gangen, men etterkvart som hytta blir meir og meir ferdig blir det mindre og mindre plass til slikt innendørs. Noko storproduksjon blir rett umulig. Fikk heldigvis mala litt, så vi vart (nesten) ferdig med veggen på gangsida mot stova, berre øverste fjøla att så er vi i mål :)
Litt småtterier fikk vi også tatt, skumring av vindu og rydding langs hytta.
To fulle varebilar med kjøkken og pipa som forhåpentligvis blir montert i løpet av veka. Var litt godt å få rydda ut av garasja, kjellarstova og gangen her heime, det har våre ganske fult i alle rom det siste halve året ;) (fortsatt mykje hyttelagring, men det minkar ;))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar